«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 16

1  Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av høgdi, fekk han sjå Siba, rådsdrengen åt Mefiboset, som kom imot han med eit par kløvasen; på dei førde han tvo hundrad kakebrød og hundrad rosinkakor og hundrad stykke sumarsfrukt og ei hit med vin.

2  Då sa kongen til Siba: Kva vil du med dette? Siba svara: Asni skal kongslyden hava til å rida på; brødet og frukti skal vera til mat for sveinane, og vinen skal dei drikka dei som gjeng seg trøytte i øydemarki.

3  Kongen spurde: Men kvar er son åt herren din? Siba svara: Han held seg i Jerusalem; han sa: No vil Israels-folket gjeva meg att kongedømet åt far min.

4  Då sa kongen til Siba: Alt det Mefiboset eig, skal vera ditt. Siba svara: Eg takkar på mine kne; gjev kongen alltid vilde visa meg sin nåde!

5  Då kong David hadde nått so langt som til Bahurim, kom ein mann som var skyld Sauls-ætti, ut på vegen, Sime'i Gerason heitte han. Han kom bannande

6  og kasta med stein etter David og alle tenarane åt kong David, medan alt folket og alle dei djervaste stridsmennene gjekk med han, sume på høgre og sume på vinstre sida.

7  Og alt medan han banna, ropa han: Burt med deg, burt, din blodhund, ditt illmenne!

8  No tek Herren hemn yver deg for alt blodet som hev runne i ætti åt Saul. Det var i hans stad du vart konge, men no hev Herren gjeve kongedømet til Absalom, son din, no ligg du som du hev reidt til, for ein blodhund er du.

9  Då sa Abisai Serujason til kongen: Kvifor skal denne daude hunden banna deg, herre konge? Lat meg få ganga burt og slå hovudet av han!

10  Men kongen sa: Kva vil de meg, de Seruja-søner? Når han bannar, og når Herren hev sagt til han: Banna David! - kven torer då segja: Kvifor gjorde du det?

11  So sa David til Abisai og alle dei andre mennene sine: De ser at son min, som er mitt eige kjøt og blod, sit um meg og vil taka livet mitt, kann ein då venta anna av denne benjaminiten? Lat han berre banna! For Herren hev sagt at han skal.

12  Kann henda Herren ser til meg i mi naud og let meg få noko godt att i staden for den forbanningi som hev råma meg i dag.

13  So heldt David og mennene hans fram etter vegen medan Sime'i gjekk uppe i lidi jamte med han, og heile tidi banna han og kasta med stein og hivde sand.

14  Då det leid på, drog kongen og alt folket som var med han, inn i Ajefim og kvilde seg der.

15  Medan var Absalom med alle sine folk, Israels-mennene, komen til Jerusalem; Akitofel var og med.

16  Då no Husai av Ark-ætti, venen åt David, kom åt Absalom, ropa han imot han: Kongen leve! Kongen leve!

17  Då sa Absalom til han: Er det soleis du viser din kjærleik til venen din? Kvifor fylgde du ikkje venen din?

18  Husai svara: Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle Israels menner hev kåra, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.

19  Og for det andre: Kven skulde eg tena? Skulde eg ikkje tena son hans? Eg hev vore ein trugen tenar for far din; det same vil eg vera for deg.

20  So sa Absalom åt Akitofel: Gjev no de meg ei råd! Kva skal me gjera?

21  Akitofel svara: Gakk inn til fylgjekonone åt far din, dei som han let vera att her til å taka vare på huset! Når då heile Israel fær høyra at du hev gjort deg reint til uvens med far din, vert dei so mykje djervare alle dei som held med deg.

22  Då sette dei upp ei tjeldbu på taket for Absalom, og Absalom gjekk inn til fylgjekonone åt far sin for augo åt heile Israel.

23  For ei råd som Akitofel gav, var den tid likso gjæv som det svaret ein fekk når ein spurde Guds ord til råds; so gjæv var kvart råd av Akitofel, både for David og for Absalom.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23