Andre Samuelsbok 15
1 Då det leid um eit bel, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang fyre han.
2 Tidleg um morgonen tok han jamleg støde frammed vegen til byporten, og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han vilde leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: Kva by er du frå? Når so mannen nemnde eitt av Israels-fylki,
3 sa Absalom til han: Saka di er både god og rett; men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.
4 So sa han: Gjev dei vilde setja meg til domar i landet, og alle som hadde ei trette eller sak, kom til meg, so skulde eg nok døma at kvar mann fekk sin rett.
5 Kom nokon og vilde bøygja seg for han, retta han ut handi og tok fat i han og kysste han.
6 So gjorde Absalom med alle israelitar som kom til kongen og vilde få dom i eikor saki, og Absalom stal hjarto åt Israels-mennene.
7 Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: Lat meg få fara til Hebron og løysa den lovnaden eg hev gjort Herren!
8 For då tenaren din heldt til i Gesur i Syria, gjorde eg ein lovnad og sa: Let Herren meg få koma heim att til Jerusalem, so vil eg ofra til Herren.
9 Kongen svara: Far i fred! So gjorde Absalom seg reidug og for til Hebron.
10 Samstundes sende han njosnarar kring i alle Israels-fylki med det bodet: Når de høyrer luren ljomar, so skal de segja: No hev Absalom vorte konge i Hebron.
11 Saman med Absalom for tvo hundrad menner frå Jerusalem, som var bedne til høgtidi. Dei fylgde med i god tru og visste av ingen ting.
12 Medan Absalom bar fram slaktofferi, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren åt David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjingi auka i styrke, og det dreiv meir og meir folk til Absalom.
13 So kom det ein med bod til David og sa: Kvar mann i Israel hev vendt hugen sin til Absalom.
14 Då sa David til alle dei mennene sine som var hjå han i Jerusalem: Kom, lat oss røma! Det er ingi bergingsvon for oss når Absalom kjem hit. Skunda dykk å koma av stad! Elles skundar han seg og når oss att og fører ulukka yver oss og øyder byen med odd og egg.
15 Kongsmennene svara: Alt du ynskjer, er tenarene dine reiduge til å gjera, herre konge.
16 So tok kongen ut og alt husfolket hans med han; berre ti fylgjekonor let han vera att; dei skulde taka vare på huset.
17 Alt folket fylgde kongen då han drog ut, og dei stana utmed ytste huset.
18 Og alle kongsmennene og heile livvakti drog fram jamsides med han, og alle Gat-mennene, seks hundrad mann som hadde fylgt han frå Gat, drog fram fyre kongen.
19 Då sa kongen åt Ittai frå Gat: Kvifor gjeng du og med oss? Vend um og ver hjå kongen! Du er framand her og endå til burtført frå heimstaden din.
20 Du kom i går; skulde so eg i dag lata deg flakka ikring med oss, eg som ikkje veit kvar eg skal av! Vend um og tak brørne dine med deg attende og Guds miskunn og truskap vere med dykk!
21 Men Ittai svara: So visst som Herren lever, og so visst som du sjølv lever, herre konge: Der som du, herre konge, kjem til å vera, anten det no ber til daude eller liv, der og ingen annan stad vil tenaren din og vera.
22 Då sa David: Vel, so drag med oss! So vart Ittai frå Gat med David, både han og alle mennene hans og alle kvinnor og born som var hjå han.
23 Heile landet storgret då alt folket drog fram. Kongen gjekk yver Kidronsbekken, og alt folket gjekk og yver og tok vegen burtimot øydemarki.
24 Best det var, kom Sadok og med alle levitane. Dei bar Guds paktkista, og då Abjatar kom upp*, sette dei henne ned der, til alt folket hadde vunne å nå fram frå byen.
25 Men kongen sa til Sadok: Du skal flytja Guds paktkiste attende til byen! Hev Herren godvilje for meg, let han meg koma heim att, so eg fær sjå att kista og bustaden hennar.
26 Men segjer han: Eg hev ikkje hugnad i deg - so er eg her; han fær gjera med meg som han tykkjer rett vera.
27 So sa kongen til Sadok, presten: Skynar du meg? Far i fred attende til byen, og Akima'as, son din, og Jonatan, son åt Abjatar - båe sønene dykkar - skal vera med dykk!
28 Kom i hug at eg drygjer på moane i øydemarki til det kjem bod og tidend frå dykk.
29 So flutte Sadok og Abjatar Guds kista attende til Jerusalem, og dei vart verande der.
30 Men David gjekk gråtande uppetter Oljeberget; han hadde drege kappa si attfor andletet og var berrføtt; og alt folket som var med, hadde og løynt andleti sine og gjekk gråtande uppetter.
31 Då dei fortalde David at Akitofel var millom dei som hadde svore seg i hop med Absalom, bad han: Herre, gjer Akitofels råd til dårskap!
32 Som no David var komen øvst uppå høgdi og vilde tilbeda Gud der, fekk han sjå Husai av Ark-ætti, som kom imot han med sundriven kjole og mold på hovudet.
33 David sa til han: Fer du med meg, kjem du berre til å vera meg til tyngsla;
34 men gjeng du attende til byen og segjer til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Fyrr hev eg vore tenar for far din, men no vil eg vera din tenar - so kann du gjera Akitofels råd til inkjes for meg.
35 Der hev du og Sadok og Abjatar, prestane, hjå deg. Alt du fær høyra frå kongsgarden, lyt du segja frå um til dei.
36 Båe sønene deira, Akima'as Sadoksson, og Jonatan Abjatarsson, er der hjå dei no; med dei lyt de senda bod til meg um alt de fær høyra.
37 So kom då Husai, venen åt David, til Jerusalem i same belet som Absalom drog inn i byen.