«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 13

1  Ei tid etter hende det som me no skal fortelja: Absalom, son åt David, hadde ei fager syster som heitte Tamar; Amnon, ein annan av sønene åt David, hadde huglagt henne

2  og bar slik sut for hennar skuld at han gjordest reint sjuk; for ho var møy, og han såg seg ingi råd til å gjera henne noko.

3  Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son åt Simea, bror hans David, og var ein ovklok kar.

4  Ein dag sa han til Amnon: Korleis hev det seg, kongsson, at du ser so vesal ut morgon etter morgon? Vil du ikkje segja meg det? Amnon svara: Eg elskar Tamar, syster åt Absalom, bror min.

5  Då sa Jonadab: Legg deg sjuk og hald sengi, og når far din kjem og vil sjå um deg, so seg til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gjeva meg mat og laga til maten for augo mine, so eg ser på det og fær taka imot han av handi hennar!

6  So la Amnon seg til sengs og lest vera sjuk. Kongen kom og såg um han, og Amnon sa til kongen: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par kakor, so eg ser på det og fær taka imot dei av handi hennar!

7  Då sende David bod inn i huset til Tamar og bad henne ganga dit som Amnon, bror hennar, budde, og laga til mat åt han.

8  Og Tamar gjekk til huset åt Amnon, bror sin. Han låg til sengs, og ho tok deigen og knoda og baka kakor, so han såg på det, og steikte dei;

9  so tok ho steikjepanna og kvelvde kakone utor for augo hans. Men han vilde ikkje eta. Han bad alle ganga ut, og då dei var gjengne,

10  sa han til Tamar: Kom hit inn i koven med maten, so eg kann taka imot han av di eigi hand! Tamar tok kakone ho hadde laga, og bar dei inn i koven til Amnon, bror sin;

11  men då ho rette han dei og bad han eta, tok han fat i henne og sa: Kom og ligg med meg, syster!

12  Men ho svara: Nei, bror, før meg ikkje i vanære! Sovore gjeng ikkje for seg i Israel. Gjer ikkje slikt skjemdarverk!

13  Kvar skulde eg då gjera av meg med skammi mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Kjære, tala heller til kongen! Han meinkar deg visst ikkje å få meg.

14  Men han vilde ikkje lyda henne - han valdtok henne og låg hjå henne.

15  Men etterpå fekk han brått eit brennande hat til henne - hatet han la til henne no, var større enn elskhugen han hadde bore til henne fyrr. Og han sa til henne: Ris upp og gakk din veg!

16  Ho svara: Valda meg ikkje so stor ei ulukka! Jaga meg ikkje burt! Det vilde vera endå verre enn det andre du hev gjort meg. Men han vilde ikkje høyra på henne no heller.

17  Han ropa på sveinen som gjekk han til handa, og sa: Hav henne der burt ifrå meg, ut or huset, og steng døri etter henne!

18  Ho hadde ein sid ermekjole på; for soleis, i slike kjolar, gjekk kongsdøtterne klædde medan dei var møyar. Då no tenaren hadde havt henne ut på gata og stengt døri etter henne,

19  tok ho og strådde oska på hovudet sitt; ermekjolen ho hadde på seg, reiv ho sund, og ho la handi på hovudet og gjekk skrikande burt.

20  Absalom, bror hennar, sa til henne: Hev Amnon, bror din, vore hjå deg? Teg deg no, syster! Han er bror din; tak ikkje dette so tungt! Men Tamar vart sitjande einsleg og vonlaus heime hjå Absalom, bror sin.

21  Då kong David fekk høyra alt dette, vart han ovende harm.

22  Sidan tala Absalom aldri eit ord åt Amnon, korkje vondt eller godt; for han hata Amnon for di han hadde vanæra Tamar, syster hans.

23  Tvo år etter hadde Absalom saueklypping i Ba'al-Hasor, tett med Efra'im, og han bad alle kongssønene til seg.

24  Fyrst gjekk han til kongen og sa: No skal tenaren din hava saueklypping; vil ikkje kongen og mennene hans gjera so vel og vera med?

25  Men kongen svara: Nei, guten min, me vil ikkje koma alle; me kunde gjera deg for mykje bry. Og då Absalom nøydde han, vilde han endå ikkje koma, men ynskte han lukka til.

26  Då sa Absalom: Um ikkje du vil, so lat då Amnon, bror min, få vera med oss. Kongen spurde: Kvifor skal han vera med deg?

27  Men Absalom nøydde han til han let både Amnon og alle hine kongssønene få vera med han.

28  So sa Absalom til sveinane sine: Akta no etter: Når Amnon hev vorte fjåg av vinen, og eg segjer til dykk: Hogg Amnon ned! - so skal de taka livet hans. De tarv ikkje ottast. Det er eg som hev sagt de skal gjera det. Ver hjarteleg og syn de er djerve karar!

29  Sveinane gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt til dei. Då spratt alle kongssønene upp og steig på muldyri sine og rømde.

30  Medan dei var på vegen, vart det ordet bore ut og kom attfor David at Absalom hadde drepe alle kongssønene - ikkje ein av dei var att.

31  Då reiste kongen seg og reiv sund klædi sine og kasta seg ned på jordi, og alle mennene hans stod der med sundrivne klæde.

32  Men Jonadab, son åt Simea og brorson åt David, tok til ords og sa: Herre, du må ikkje tru at dei hev drepe alle dei unge mennene, kongssønene. Det er berre Amnon som hev mist livet; For etter det Absalom hev sagt sjølv, hev det vore avgjort alt ifrå den dagen då Amnon vanæra Tamar, syster hans.

33  So gjer deg no ikkje ilt av det, herre konge, at dei segjer at alle kongssønene hev mist livet! For det er berre Amnon som hev døytt.

34  Medan rømde Absalom sin veg. Då no utkiksmannen skoda ikring seg, fekk han sjå at det kom mykje folk farande frå vegen attanfor han ved sida av fjellet.

35  Då sa Jonadab til kongen: Ser du, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.

36  Ikkje fyrr hadde han sagt det, so kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans brast og i og storgret.

37  Medan kom Absalom seg undan og for til Talmai Ammihudsson, kongen i Gesur. Og David syrgde på son sin heile tidi.

38  Då no Absalom hadde rømt og fare til Gesur, vart han verande der i tri år.

39  Det heldt kong David frå å draga ut imot Absalom; for han var komen yver sorgi etter Amnon.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23