Andre Samuelsbok 10
1 Sidan bar det so til at ammonitarkongen døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2 Då sa David: Eg vil visa Hanun Nahasson venskap, liksom far hans viste meg venskap. So sende han nokre av mennene sine, som skulde trøysta Hanun i sorgi etter faren. Då sendemennene åt David kom til Ammonitar-landet,
3 sa ammonitarhovdingane åt Hanun, herren sin: Tenkjer du David vil æra far din med di han sender folk som skal trøysta deg? Tru det ikkje heller for di han vil ransaka byen og njosna han ut og so øydeleggja han, at han hev sendt mennene sine hit?
4 Då tok Hanun sendemennene hans David og let raka av dei halve skjegget og klyppa av halve klædnaden deira alt upp åt seten og sende dei so frå seg.
5 Med same David fekk spurt at mennene hadde vorte so stygt vanæra, sende han folk som skulde møta dei på vegen og segja frå kongen: Stana i Jeriko til skjegget dykkar hev vakse ut att, So kann de koma heim att!
6 Ammons-borni skyna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende bod ikring og tinga hjelp: av syrarane i Bet-Rehob og syrarane i Soba tjuge tusund mann fotfolk og kongen i Ma'aka med tusund mann og tolv tusund mann frå Tob*.
7 Då David høyrde det, sende han Joab av stad med heile heren, alle dei djervaste stridsmennene.
8 So drog Ammons-borni ut og fylkte seg framanfor byporten; men syrararne frå Soba og Rehob og Tob-mennene og Ma'aka-mennene stod for seg sjølve burtpå marki.
9 Då Joab såg at dei budde seg til å taka på han både framantil og attantil, valde han ut ein flokk av alle dei beste stridsmennene i Israel og fylkte dei mot syrarane.
10 Alt hit folket let han Abisai, bror sin, få hand yver og fylkte dei mot Ammons-borni.
11 So sa han: Vinn syrarane på meg, so lyt du koma meg til hjelp, og vinn Ammons-borni på deg, so skal eg koma og hjelpa deg.
12 Ver uredd, og lat oss syna oss uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud, so fær Herren gjera som han tykkjer er best!
13 So gjekk Joab fram med fylkingi si og stridde mot syrarane, og dei rømde for han;
14 og då Ammons-borni såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai og drog seg inn i byen. Då vende Joab att frå striden mot Ammons-borni og for heim til Jerusalem.
15 Som no syrarane såg at dei hadde tapt for Israel, samla dei seg i hop att.
16 Hadadeser baud ut dei syrarane som budde på hi sida elvi*, og dei drog fram til Helam; Sobak, herhovdingen åt Hadadeser, styrde herferdi.
17 Då David fekk bod um det, stemnde han saman heile Israel og gjekk yver Jordan og drog fram mot Helam. Då han kom dit, fylkte syrarane heren sin mot han, og det bar i hop med dei.
18 Men syrarane rømde for Israel, og David drap mannskapet på sju hundrad vogner for dei og felte fyrti tusund hestfolk; Sobak, herhovdingen deira, fekk og sin bane der.
19 Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for Israels-mennene, gjorde dei fred med dei og gav seg under dei, og sidan torde ikkje syrarane hjelpa Ammons-borni meir.