«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 1

1  Etter Saul hadde slokna, gjekk det so til at då David hadde vunne yver amalekitane og var komen heim att til Siklag, heldt han seg i ro der tvo dagar.

2  Tridje dagen fekk dei sjå ein mann som kom springande med sundrivne klæde og mold på hovudet; han kom frå Sauls-lægret, og då han nådde fram til David, kasta han seg å gruve for han.

3  David spurde han: Kvar kjem du ifrå? Han svara: Frå Israels-lægret; eg fekk berga meg undan.

4  Då sa David til han: Korleis hev det gjenge? Seg meg det! Han svara: Folket rømde or striden; mange av dei var det og som stupte og miste livet; Saul og Jonatan, son hans, miste livet dei med.

5  So sa David til sveinen - han som kom med tidendi -: Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er falne?

6  Tidendsveinen svara: Det høvde so til at eg kom upp på Gilboa-fjellet; der fekk eg sjå Saul, korleis han stod og studde seg til spjotet sitt, medan vognene og hestfolket sette hardt inn på han.

7  Best det var, snudde han seg, og då han vart var meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja, her er eg.

8  So spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekit.

9  Då sa han til meg: Kjære, kom hit og gjev meg banehogget! For krampen hev teke meg, men det er endå fullt liv i meg.

10  So gjekk eg innåt og gav han banehogget; for eg visste han kunde ikkje leva lenger no når det var ute med han. So tok eg hovudgullet og armringen av han, og her kjem eg til deg med dei, herre.

11  Då tok David og reiv sund klædi sine, og det same gjorde alle mennene som var med han.

12  Og dei øya og gret og fasta alt til kvelden, for di Saul og Jonatan, son hans, og Herrens folk og Israels hus var falne for sverdet.

13  Sidan sa David til sveinen - han som var komen med tidendi -: Kvar er du frå? Han svara: Eg er son åt ein innflytjar, ein amalekit.

14  Då sa David: Korleis torde du våga å retta ut handi og taka livet av den som Herren hadde salva?

15  So ropa han til ein av hersveinane sine: Kom hit og hogg han ned! Hersveinen slo han i hel,

16  og David sa: Blodet ditt kome på ditt eige hovud; for din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg hev drepe den som Herren hadde salva.

17  David kvad eit syrgjekvede yver Saul og Jonatan, son hans,

18  og han sa at Juda-borni skulde læra det, "bogen"* heiter det, og det er uppskrive i Boki åt den rettvise**:

19  Din prydnad, Israel, ligg drepen på haugane dine; ai ei, at kjempone laut falla!

20  Fortel det ikkje i Gat, ber ikkje fagnadbod um det i Askalon-gatone, so ikkje filistardøtterne skal gleda seg og døtterne åt dei u-umskorne jubla!

21  De Gilboa-fjell! Gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, at der aldri må vera åkrar som ber offergåvor! For der vart helte-skjoldar sulka med blod, skjolden åt Saul, usmurd med olje.

22  Frå blodet åt falne, frå kjøtet åt kjempor veik Jonatans boge aldri attende, aldri kom Sauls-sverdet att med ugjort.

23  Saul og Jonatan, elskelege og milde i livet, dei vart ikkje skilde i dauden heller; snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor.

24  Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk yndeleg i purpur og feste gullsylgjor på bunaden dykkar!

25  Ai ei, at kjempone laut falla i striden! Jonatan ligg drepen på haugane dine!

26  Sårt syrgjer eg deg, Jonatan, bror min! Du var meg so inderleg kjær; din kjærleik var meg dyrare enn kvinne-elsk.

27  Ai ei, at kjempone laut falla, at båe stridssverdi laut øydast!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23