«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Peters andre brev 1

1  Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel - til dei som hev fenge same dyre tru som me ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd:

2  Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!

3  Etter di hans guddomelege makt hev gjeve oss alt som tener til liv og gudlegdom, ved kunnskapen um han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og si kraft

4  og dermed hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved dei skulde få lut i guddomleg natur, med di de flyr frå den tyning i verdi som kjem av lysti,

5  so gjer dykk og just difor all umak, og vis i trui dykkar dygd, og i dygdi skynsemd,

6  og i skynsemdi fråhald, og i fråhaldet tålmod, og i tolmodet gudlegdom,

7  og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik til alle.

8  For når desse ting finst hjå dykk og fær veksa, då visar dei at de ikkje er yrkelause eller fruktlause i kunnskapen um vår Herre Jesus Kristus;

9  for den som ikkje hev desse ting, han er blind, dimsynt, med di han hev gløymt reinsingi frå sine fyrre synder.

10  Difor, brør, legg so mykje meir vinn på å gjera dykkar kall og utveljing fast! for når de gjer desse ting, skal de slett ikkje snåva;

11  for på denne måten skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike.

12  Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i sanningi, som er hjå dykk.

13  Lika vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta,

14  sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus varsla meg.

15  Men eg vil leggja vinn på at de til kvar tid etter min burtgang kann minnast dette.

16  For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og atterkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde.

17  For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, med di ei slik røyst kom til han frå den høgste herlegdomen: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i,

18  og denne røysti høyrde me koma frå himmelen då me var saman med han på det heilage fjellet.

19  Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å akta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar,

20  men di de fyrst og fremst veit dette at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding;

21  for aldri er noko profetord framkome av mannsvilje, men dei Heilage Guds menn tala drivne av den Heilage Ande.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23