Andre Kongebok 9
1 Elisa, profeten, ropa på ein av profetsveinane og sa til han: Bind beltet um livet, tak denne oljekrukka i handi og gakk til Ramot i Gilead!
2 Når du kjem dit, so sjå til at du finn Jehu, son åt Josafat Nimsison! Gakk inn og bed han reisa seg der han sit millom brørne sine, og før han inn i inste romet!
3 Tak so oljekrukka og renn oljen ut på hovudet hans og seg: So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel! Med so gjort skal du lata upp døri og ikkje drygja, men røma din veg.
4 So gjekk sveinen - den unge profeten - til Ramot i Gilead.
5 Då han kom fram, såg han at herhovdingane sat der saman. So sa han: Eg hev ei ærend til deg, hovding! Jehu sa: Kven av oss? - me er mange. Han svara: Til deg, hovding!
6 So reiste Jehu seg og gjekk inn i huset; og profetsveinen rende oljen ut på hovudet hans og sa til han: So segjer Herren, Israels Gud: Eg hev salva deg til konge yver Herrens folk, yver Israel.
7 Du skal gjera ende på ætti åt Akab, herren din; for eg vil hemna blodet åt profetane, tenarane mine, på Jesabel, ja, blodet åt alle Herrens tenarar vil eg hemna på henne.
8 Heile Akabs hus skal ganga til grunns; eg vil rydja ut kvar karmann i ætti hans, både myndige og umyndige i Israel.
9 Eg vil gjera med Akabs hus som med huset åt Jeroboam Nebatsson og med huset åt Baesa Akiasson.
10 Og Jesabel skal hundane eta upp på Jisre'els-bøen; ingen skal jorda henne. Med so sagt let han upp døri og rømde sin veg.
11 Då Jehu kom ut att til mennene åt herren hans, spurde dei han: Er noko på ferda? Kva vilde han deg, denne galne mannen*? Han svara: Å, de kjenner nok mannen og dei underlege tankane hans.
12 Men dei sa: Du talar ikkje sant; seg oss det no! Då svara han: So og so tala han til meg og sa: So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel.
13 Straks tok dei kvar si kappa og breidde under han på troppestegi. So bles dei i luren og ropa: Jehu er konge!
14 Soleis var det Jehu, son åt Nimsison, fekk i stans ei samansverjing mot Joram. - Joram hadde med heile Israels-heren lege ute og verna Ramot i Gilead mot Hasael, kongen i Syria;
15 men sjølv var han faren heim att og vilde få lækt såri sine i Jisre'el - dei såri som syrarane hadde gjeve han då han slost med Hasael, syrarkongen. - No sa Jehu: Vil de som eg, so lat ingen få røma og sleppa ut or byen og bera bod um dette til Jisre'el!
16 Sjølv steig han upp i vogni si og for til Jisre'el; for der låg Joram sjuk, og Akasja, Juda-kongen, var og komen dit; han vilde sjå um Joram.
17 Då vaktmannen som stod uppe i tårnet i Jisre'el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: Eg ser ein stor flokk som kjem farande. Då sa Joram: Henta ein riddar og send han til møtes med dei; han skal spyrja um dei kjem med fred.
18 So reid ein hestkar til møtes med Jehu og sa: Eg skulde spyrja frå kongen um de kjem med fred. Jehu svara: Kva skil det deg? Snu um og fylg etter meg! Vaktmannen sa frå og ropa: Den som bar bodet, er komen fram til dei, men han kjem ikkje attende.
19 So sende kongen ein annan hestkar i veg; då han kom fram, sa han: Kongen spør um de kjem med fred. Jehu svara: Kva skil det deg? Snu um og fylg etter meg!
20 Vaktmannen sa frå: Han hev nått fram til dei, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulde ein tru det var Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galen.
21 Då sa Joram: Spenn fyre! So spente dei fyre vogni hans, og både han - Joram, Israels-kongen - og Akasja, Juda-kongen, køyrde av stad i kvar si vogn. Dei for til møtes med Jehu og råka han på bømarki åt Nabot frå Jisre'el.
22 Med same Joram fekk auga på Jehu, spurde han: Kjem du med fred, Jehu? Han svara: Korleis kann du tala um fred so lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?
23 Då snudde Joram og rømde, og han ropa til Akasja: Det er svik Akasja!
24 Men Jehu treiv bogen sin og skaut Joram millom herdane, so pili gjekk ut igjenom hjarta, og han seig i hop i vogni.
25 So sa Jehu til Bidkar, ein av hovudsmennene sine: Tak og kasta han inn på bømarki åt Nabot frå Jisre'el! Du kjem vel i hug korleis eg og du reid saman etter Akab, far hans, og Herren lyste desse ordi mot han:
26 Ja visst såg eg i går bodet åt Nabot og sønene hans, segjer Herren, og eg skal gjeva deg lika for det på denne bøen, segjer Herren. So tak då å kasta han burt på bøen, som Herren hev sagt!
27 Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: Han og - skjot han! Og dei skaut han i vogni hans i Gur-kleivi tett innmed Jibleam. Han fekk rømt til Megiddo; der døydde han.
28 Mennene hans køyrde han til Jerusalem og sette han ned i ei grav som var stelt til åt han innmed gravene åt federne hans i Davidsstaden.
29 Det var i ellevte året at Joram Akabssons kongedøme Akasja hadde fenge veldet yver Juda-riket.
30 So kom Jehu til Jisre'el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo og tok hovudgullet sitt på. So såg ho ut igjenom vindauga,
31 og då Jehu kom køyrande inn gjenom porten, ropa ho: Kjem du med fred, du Simri som drap herren din?
32 Han såg upp mot vindauga og sa: Kven held med meg? Kven? Tvo, tri hirdmenner skyngde ned til han frå vindauga.
33 Då ropa han: Støyt henne ned! So støytte dei henne ned, og blodet hennar spruta uppetter veggen og på hestane, og han let hestane trø henne ned.
34 Jehu gjekk inn og åt og drakk. Sidan sa han: Gjer vel og sjå etter den forbanna kvinna og få henne i jordi! Ho er då ei kongsdotter.
35 Men då dei kom og vilde jorda henne, fann dei ikkje anna av henne enn hovudskåli og føtene og hendene.
36 So kom dei att og sa det til han. Då sa han: No sannar det seg det ordet som Herren tala igjenom Elisa frå Tisbe, tenaren sin, då han sa: På Jisre'els-bøen skal hundane eta kjøtet åt Jesabel,
37 og liket hennar skal verta som møk som er spreidd utyver bømarki i Jisre'el, so ingen kann segja: Dette er Jesabel.