«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 7

1  Då sa Elisa: Høyr no Herrens ord! So segjer Herren: I morgon dette bel skal eit mål fint mjøl vera å få for ein sekel på torget i Samaria og like eins tvo mål bygg for ein sekel.

2  Men hovudsmannen som kongen studde seg på, svara gudsmannen so: Um so Herren gjorde lukor frå himmelen, so kunde vel ikkje sovore henda! Elisa svara: Du skal få sjå det med eigne augo, men ikkje få eta av det.

3  No var det fire menner der som hadde spillsykja og heldt seg utmed byporten. Dei sa seg imillom: Kvifor skal me sitja her til me døyr?

4  Tenkjer me på å ganga inn i byen, so veit me at det er hungersnaud i byen, og me kjem til å døy der; og vert me sitjande her, lyt me døy då og. So kom no og lat oss ganga yver til lægret åt syrarane! Let dei oss leva, so lever me, og drep dei oss, so døyr me.

5  I skumingi tok dei av stad og vilde ganga inn i syrarlægret. Men då dei kom til utkanten av lægret, fanst det ikkje eit menneske der.

6  For Herren hadde laga det so at syrarane tyktest høyra ljoden av vogner og hestar, gnyen av ein stor her; då sa dei seg imillom: Du skal sjå Israels-kongen hev leigt hetitarkongane og egyptarkongane til å taka på oss!

7  So tok dei ut og rømde i skumingi; dei let etter seg tjeldbuene sine og hestane og asni - heile lægret slik som det stod - og rømde på harde livet.

8  Då desse spillsjuke mennene kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i ei tjeldbu og åt og drakk. So tok dei sylv og gull og klæde som dei fann der, og gjekk burt og gøymde det. Sidan kom dei att og gjekk inn i ei onnor bu og tok det som var der, og gøymde det burt.

9  Men so sa dei seg imillom: Dette er ikkje rett gjort av oss. I dag kann me bera fram eit fagnadbod; men tegjer me og drygjer til det vert ljost i morgon, kjem det skuld på oss. So kom no og lar oss ganga inn og segja frå i kongsgarden!

10  So kom dei og ropa til vakti i byporten og fortalde det og sa: Me kom til lægret åt syrarane; då me skulde sjå til, fanst det ikkje eit menneske der, og ikkje høyrde me likt til folk heller; men hestane og asni stod bundne, og tjeldbuene var som dei plar vera.

11  Portvaktarane ropa ut tidendi, og det vart bore bod alt inn i kongsgarden.

12  Då reis kongen upp - det var natt - og sa til mennene sine: Eg skal segja dykk kva syrarane hev gjort mot oss: Dei veit me svelt; difor hev dei teke ut frå lægret og løynt seg utpå marki; dei tenkjer som so: No gjeng Israels-mennene ut or byen; so tek me dei levande, og sidan kann me draga inn i byen.

13  Då tok ein av mennene hans til ords og sa: Lat nokre av folki dine taka fem av dei hestane som er att her i byen - dei kann ikkje fara verre enn heile mengdi av Israels-menner som er att her, eller verre enn heile mengdi av Israels-menner som hev sett livet til - og lat oss so senda dei i veg, so fær me sjå!

14  So henta dei tvo vogner med hestar fyre, og kongen sende dei av stad etter syrarheren og sa: Far i veg og sjå korleis det hev seg!

15  Dei for etter syrarane alt til Jordan. Då fekk dei sjå at heile vegen var sådd med klæde og anna som syrarane hadde kasta frå seg medan dei rømde i redsla. Då dei kom att, dei som kongen hadde sendt i veg, sa dei frå um ferdi si.

16  So gjekk folket ut og plundra syrarlægret, og då vart det so som Herren hadde sagt, at eit mål fint mjøl var og få for ein sekel og tvo mål bygg like eins.

17  Kongen hadde sett den hovudsmannen han studde seg på, til å halda styr på folket i porten; men det gjekk so til at folk trødde han ned der, so han let livet, soleis som gudsmannen hadde sagt - det som han sa då kongen kom ned til han.

18  For då gudsmannen sa til kongen: Tvo mål bygg skal kosta ein sekel og eit mål fint mjøl det same på torget i Samaria i morgon dette bel,

19  då tok hovudsmannen til ords og sa: Um so Herren gjorde lukor på himmelen, so kunde vel ikkje sovore henda! Men gudsmannen svara: Du skal få sjå det med eigne augo, men ikkje få eta av det.

20  Og soleis gjekk det han; for folket trakka han i hel i porten.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23