Andre Kongebok 5
1 Na'aman, herhovdingen åt kongen i Syria, hadde mykje å segja hjå herren sin, og alle hadde stor vyrdnad for han; for det var medan han gjekk fyre syrarane i striden, at Herren hadde gjeve dei siger. Han var er stor stridskjempa, den mannen, men var spillsjuk.
2 No hadde syrarane på ei av herjeferdene sine herteke ei liti gjenta frå Israels-landet, og ho tente no åt kona åt Na'aman.
3 Ein dag sa ho til matmor si: Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, so skulde han snart gjera han god att av spillsykja!
4 Na'aman gjekk inn til herren sin og fortalde det og sa: So og so hev ho sagt - ho frå Israels-landet.
5 Då sa syrarkongen: Far du dit! Eg skal senda eit brev til Israels-kongen. So for han i veg og tok med seg ti talent sylv og seks tusund sekel gull og ti festklædningar.
6 Han bar brevet fram til Israels-kongen. Der stod: Når du no fær dette brevet, ser du at eg hev sendt Na'aman, tenaren min, til deg, so du skal gjera han god att av spillsykja hans.
7 Då Israels-kongen hadde lese brevet hans, reiv han sund klædi sine og sa: Er eg Gud so eg kann råda yver daude og liv, sidan han sender bod til meg og vil eg skal gjera ein mann god att av spillsykja? Skynar de ikkje no kva han vil? Ser de ikkje at han leitar etter eit høve til å yppa strid med meg?
8 Med same Elisa, gudsmannen, fekk høyra at Israels-kongen hadde rive sund klædi sine, sende han bod til kongen med dei ordi: Kvifor hev du rive sund klædi dine? Lat berre mannen koma til meg, so skal han få sjå at det finst ein profet i Israel!
9 So kom Na'aman med hestane sine og vogni si og stansa utanfor døri til huset åt Elisa.
10 Elisa sende ein ut til han som skulde segja: Gakk av stad og lauga deg sju gonger i Jordan, so vert holdet ditt heilt att, og du vert rein!
11 Då vart Na'aman harm og for sin veg; han sa: Eg tenkte rett det at profeten vilde koma koma ut til meg og standa her og kalla på Herren sin Gud og føra handi si att og fram yver den sjuke staden og soleis taka burt spillsykja.
12 Er ikkje Damaskus-elvane - Abana og Parpar - betre enn alt vatnet i Israel? Tru eg ikkje likso vel vert rein um eg laugar meg i dei? Dermed snudde han og for burt i vreide.
13 Då gjekk mennene hans fram og tala til han og sa: Far, um profeten hadde lagt på deg noko svært, vilde du då ikkje gjort det? Kor mykje meir når han berre segjer til deg: Lauga deg, so vert du rein!
14 So for han ned og dukka seg i Jordan sju gonger, som gudsmannen hadde sagt; då vart holdet hans heilt att som holdet på ein liten gut, og han vart rein.
15 Sidan for han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram og helsa på han og sa: Høyr her! No veit eg at det ikkje er nokon Gud på heile jordi utan i Israel. Gjer no vel og tak imot ei gåva av tenaren din!
16 Elisa svara: So vist som Herren lever, han som eg tener seint og tidleg: Eg tek ikkje i mot noko. Na'aman naudbad han, men han vilde endå ikkje taka imot noko.
17 Då sa Na'aman: Vil du slett ikkje hava noko, so lat meg like vel få so mykje mold som eit par muldyr kann bera! For eg vil aldri meir bera fram brennoffer eller slaktoffer for andre gudar, men berre for Herren.
18 Men ein ting bed eg at Herren vil tilgjeva meg: Når herren min* gjeng inn i Rimmons-templet og vil tilbeda der, og han styd seg på armen min, og eg legg meg på kne der i Rimmons-templet, då bed eg at Herren vil gjeva meg til for det!
19 Elisa svara: Far i fred! So for han av garde. Men då han var komen eit stykke på vegen,
20 tenkte Gehasi, sveinen åt gudsmannen Elisa: Sjå no hev meistaren min spart denne syndaren - denne Na'aman - og ikkje teke imot det som han kom med! So visst som Herren lever, eg vil springa etter han og få eitkvart av han!
21 So rende han etter Na'aman, og då Na'aman såg ein koma springande etter han, steig han snøgt ned or vogni og gjekk imot han og sa: Kva er tids?
22 Han svara: Ikkje anna enn at meisteren min hev sendt meg i veg og bede meg segja at rett no kom det tvo unge profetsveinar til han frå Efra'ims-fjelli - um du vilde gjera so vel og gjeva dei eit talent sylv og tvo festklædningar!
23 Na'aman svara: Gjer vel og tak tvo talent! Han nøydde han, og so knytte han tvo talent sylv inn i tvo pungar og tok tvo festklædningar og let tvo av sveinane sine bera det fyre han.
24 Men då han* kom til bakken, tok han det or hendene deira og gøymde det i huset. So bad han farvel med karane, og dei for sin veg.
25 Sjølv gjekk han inn og tedde seg for meisteren sin. Elisa spurde: Kvar kjem du ifrå, Gehasi? Han svara: Eg hev ikkje vore nokon stad, meister.
26 Då sa Elisa: Men eg var der i åndi då mannen vende um frå vogni si og gjekk til møtes med deg. Er det no tid å taka imot sylv og få seg klæde og oljetre og vinhagar og småfe og drenger og tenestgjentor?
27 Difor skal spillsykja åt Na'aman hanga med deg og ætti di i all æva. So gjekk sveinen ut frå han, so full av spillsykja at han var snøkvit.