Andre Kongebok 4
1 Enkja etter ein av profetsveinane ropa til Elisa: Mannen min hev døytt, herre - du veit sjølv att han var ein mann som hadde age for Herren - og no kjem ein som han stod i skuld til, og vil taka båe sønene mine til trælar.
2 Elisa sa til henne: Kva kann eg gjera for deg? Seg meg kva du hev i huset! Ho svara: Eg hev ikkje anna i huset enn ei krukka med salve-olje, herre.
3 Då sa han: Gakk til alle grannane dine og få lånt heim koppar - tome koppar, men ikkje for få!
4 Gakk so inn og steng døri etter deg og sønene dine! Slå olje i alle koppane, og set dei burt etter kvart som dei vert fulle!
5 So gjekk ho frå han, og då ho hadde stengt døri etter seg og sønene sine, bar dei fram koppane åt henne, og ho slo i.
6 Som no koppane vart fulle, sa ho til ein av sønene: Kom med ein kopp til! Men han svara: Her er ikkje fleire koppar. Då heldt oljen upp å renna.
7 Kona kom og sa frå um det til gudsmannen. Då sa han: Gakk av stad og sel oljen og greid skuldi di! Det som vert att skal du og sønene dine hava til å livberga dykk med.
8 Ein dag for Elisa yver til Sunem. Der var det ei velhaldi kona som nøydde han til bords hjå seg; og kvar gong han sidan for den vegen, gjekk han innum der og fekk seg mat.
9 Ein gong sa ho til mannen sin: Høyr her! Eg veit at han som jamleg lyder innum hjå oss, er ein heilag gudsmann.
10 Kjære, lat oss mura upp ei liti høgstova åt han og setja inn der ei seng og eit bord og ein stol og ein ljosestake! So kann han halda til der kvar gong han kjem hit til oss.
11 So hende det ein dag at han kom dit og steig upp i høgstova og la seg der.
12 Sidan sa han til Gehasi, sveinen sin: Ropa på denne Sunems-kona! Han so gjorde og ho steig fram for han.
13 Elisa hadde sagt til han: Seg til henne: No hev du havt alt dette bryet for vår skuld; kva kann eg gjera for deg? Er det noko eg kann tala til kongen um for deg eller til herhovdingen? Ho svara: Nei, eg bur her midt ibland mitt eige folk.
14 So sa han til Gehasi: Er det då ingen ting eg kann gjera for henne? Han svara: Jau då; ho hev ingen son, og mannen hennar er gamal.
15 Då sa han: Bed henne koma hit! Sveinen gjorde so, og ho kom og vart ståande i døri.
16 Då sa Elisa: Eit anna år dette bel skal du halda ein son i fanget. Ho svara: Å nei, herre, du som er ein gudsmann, du må ikkje narra tenestkvinna di!
17 Men kona vart med barn, og året etter åtte ho ein son, nett det belet som Elisa hadde sagt henne.
18 Då guten vart større, bar det so til ein dag at han gjekk ut til far sin på marki, der dei heldt på og skar.
19 Best det var, ropa han: Eg hev so vondt i hovudet, far! Då sa faren til drengen sin: Ber han heim til mor si!
20 Drengen lyfte han upp og bar han heim til mori, og han sat i fanget hennar alt til høgstdags; då døydde han.
21 Ho gjekk upp og la han på sengi åt gudsmannen, og då ho gjekk ut, stengde ho døri etter seg.
22 So ropa ho på mannen sin og sa: Kjære send ein av drengene til meg med ei asna. Eg fer so snart burt til gudsmannen og kjem straks attende.
23 Mannen sa: Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymåne eller sabbat. Ho svara: Det er det same.
24 Då dei hadde sala asna åt henne, sa ho til drengen sin: Driv på so sterkt du kann, og stansa ikkje på vegen utan eg segjer deg til!
25 So tok ho i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han vart var henne eit stykke burte, sa han til Gehasi, sveinen sin: Sjå der kjem Sunems-kona!
26 Gjer vel og spring til møtes med henne og spør korleis ho lever, og korleis mannen hennar og guten lever! Ho svara at dei levde vel.
27 Men då ho kom upp på fjellet til gudsmannen, kasta ho seg ned og tok um føtene hans. Gehasi gjekk fram og vilde skuva henne undan; men gudsmannen sa: Lat henne vera! Ho hev ei hjartesorg, og Herren hev dult det for meg og ikkje vitra meg um det.
28 Sjølv sa ho: Bad eg deg vel um ein son, herre? Sa eg deg ikkje heller det at du ikkje måtte narra meg?
29 Då sa han til Gehasi: Bind beltet um livet, tak staven min i handi og gakk i veg! Møter du nokon, so helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, so svara han ikkje! Sidan skal du leggja staven min yver andletet åt guten.
30 Men mor åt guten sa: So vist som Herren lever, og so vist som du sjølv lever: Eg slepper deg ikkje! Då gjorde han seg reidug og fylgde henne.
31 Gehasi hadde fara fyre dei, og han la staven yver andletet åt guten; men det var ingen ljod å høyra, inkje livsteikn å sjå. So gjekk han attende, og då han møtte Elisa, fortalde han det og sa: Guten vakna ikkje.
32 Då Elisa kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus på sengi hans.
33 Han gjekk inn og stengde døri og bad til Herren.
34 So steig han upp i sengi og la seg yver guten med munnen mot hans munn og augo yver hans augo og hendene på hans hender, og då han soleis bøygde seg yver han, vart lekamen åt guten varm.
35 So reis han upp og gjekk ein gong att og fram i romet, steig so upp i sengi att og bøygde seg nedyver guten. Då naus guten sju gonger og slo upp augo.
36 Elisa ropa på Gehasi og sa: Ropa på Sunems-kona! Han so gjorde, og då ho kom inn, sa Elisa: Tak no son din!
37 Då kom ho næmare og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg til jordi. So tok ho son sin og gjekk.
38 Elisa for attende til Gilgal. Det var uår i landet den gongen. Medan no profetsveinane sat der hjå han, sa han til sveinen sin: Set den store gryta yver og koka ein velling åt profetsveinane!
39 Då gjekk ein av dei ut på marki og vilde sanka urter. Han fann ein klengjevokster med ville graskar; dei sanka han kappa si full av, og då han kom inn, skar han dei upp i supegryta; for dei visste ikkje kva det var.
40 So auste dei upp åt karane og bad dei eta. Men då dei hadde smaka litt på vellingen, skreik dei yver seg og ropa: Det er daude i gryta, gudsmann! Og dei kunde ikkje eta det.
41 Då sa Elisa: Kom med noko mjøl! So kasta han mjølet upp i gryta og sa: Aus no upp åt folket, so dei fær eta! Då var det ikkje lenger noko vondt i gryta.
42 Ein dag kom det ein mann frå Ba'al-Salisa. I posen sin hadde han brød som var baka av fyrstegrøda - tjuge byggbrød - og nyhausta korn; det vilde han gjeva gudsmannen. Då sa Elisa: Gjev det til folket, so dei fær seg mat!
43 Men sveinen hans sa: Korleis kann eg setja fram dette for hundrad mann? Han svara: Berre gjev det til folket du, og lat dei få eta! For so segjer Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.
44 So sette han det fram for dei, og dei åt og hadde endå att noko, soleis som Herren hadde sagt.