Andre Kongebok 3
1 Det var i attande året av Josafats kongedøme i Juda-riket at Joram Akabsson fekk veldet yver Israels-riket, og han sat konge i Samaria i tolv år.
2 Han gjorde mangt som Herren mislika, men ikkje so mykje som far hans og mor hans hadde gjort. Han tok burt Ba'als-sula som far hans hadde fenge gjort;
3 men dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fenge Israel til å gjera, dei vart han hangande i og kom seg ikkje utor dei.
4 Mesa, kongen i Moab, hadde mykje fe; år um anna svara han hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar i skatt til Israels-kongen.
5 Men då Akab var avliden, sa Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6 Då drog kong Joram ut or Samaria og mynstra Israels-heren.
7 So sende han bod til Josafat, Juda-kongen, med dei ordi: Moab-kongen hev sagt seg laus frå meg; vil du draga med meg og strida mot Moab? Han svara: Ja visst vil eg; eg som du, mine folk som dine folk, mine hestar som dine hestar.
8 So spurde han: Kva veg skal me taka når me fer dit? Hin svara: Gjenom Edom-øydemarki.
9 So tok dei i vegen, både Israels-kongen og Juda-kongen og Edom-kongen; men då dei hadde fare sju dagsleider ikring, fanst det ikkje vatn, korkje åt heren eller buskapen dei hadde med seg.
10 Då sa Israels-kongen: Ai ei, so er det av di Herren vil gjeva desse tri kongane i hendene på Moab-mennene, at han hev stemnt dei hit!
11 Men Josafat sa: Finst det ingen av Herrens profetar her, so me kann få han til å spyrja Herren? Då tok ein av mennene åt Israels-kongen til ords og sa: Elisa Safatsson er her, han som helte vatn yver hendene hans Elias*.
12 Josafat sa: Hjå han er Herrens ord. So gjekk dei ned til han alle tri, Israels-kongen og Josafat og Edom-kongen.
13 Men Elisa sa til Israels-kongen: Kva vil du meg? Gakk du til profetane åt far din og mor di! Israels-kongen svara: Tala ikkje so! Det er då Herren som hev stemnt desse tri kongane hit og vil gjeva dei i hendene på Moab-mennene.
14 Då sa Elisa: So visst som Herren, allhers Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: Var det ikkje av vyrdnad for Josafat, Juda-kongen, so vilde eg aldri ansa deg eller sjå dit du er.
15 Men henta no de ein harpespelar åt meg! Då so harpespelaren tok til å leika på harpa si, kom Herrens Ande yver han*,
16 og han sa: So segjer Herren: Grav grop i grop utyver dalen her!
17 For Herren segjer so: De skal ikkje sjå vind, og de skal ikkje sjå regn, og like vel skal denne dalen fyllast med vatn, so de fær drikka, både de sjølve og buskapen og kløvdyri dykkar.
18 Men ikkje tykkjer Herren DET er nok; han vil gjeva Moab i dykkar vald.
19 Kvar borg og kvar storby skal de taka, kvart aldetre skal de fella, alle vasskjeldone skal de dytta att, og kvar ein god jordteig skal de spilla med stein.
20 So hende det morgonen etter, i det belet dei ber fram matofferet, at det kom vatn strøymande frå Edom-leitet, so landet vart fullt av vatn.
21 Det spurdest yver heile Moab at kongane var komne og vilde taka på dei, og alle som på nokor vis var våpnføre, vart utbodne og tok støde utmed landskilet.
22 Men då soli rann på vatnet andre morgonen, tykte Moab-mennene at vatnet framfyre dei var raudt som blod,
23 og dei ropa: Det er blod; kongane hev gjort ende på kvarandre og slege kvarandre i hel. Kom, Moab-menner! No er det herfang å få!
24 Men då dei kom til Israels-lægret, sprang Israels-mennene fram og rauk på dei, so dei laut røma undan. So drog Israels-mennene inn i landet og slo Moab-mennene att.
25 Byane reiv dei ned; såg dei ein god åkerteig, kasta dei kvar sin stein på han og grytte han ned; kvar vasskjelda dytta dei att, og kvart aldetre felte dei - til det ikkje var att anna enn landsborgi i Kir-Hareset; den kringsette slyngjekastarane og skaut på henne.
26 Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundrad mann med dregne sverd i hand og vilde brjota seg gjenom der som Edom-kongen stod; men dei greidde det ikkje.
27 So tok han eldste son sin - han som skulde verta konge etter han - og ofra han på muren til eit brennoffer. Då kom det ein stor vreide yver Israel, og dei drog burt derifrå og for heim att til sitt eige land.