Andre Kongebok 23
1 Då sende kongen bod etter alle styresmennene i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.
2 So gjekk han upp i Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han - prestane og profetane og alt hitt folket, både store og små; og han las upp for dei alt det som stod skrive i paktboki, den som dei hadde funne i Herrens hus.
3 So steig han fram på tramen og gjorde den pakti for Herrens åsyn at dei skulde fylgja Herren og halda bodi og vitnemåli og fyresegnene hans av alt sitt hjarta og all sin hug - at dei skulde halda ordi i denne pakti, dei som var skrivne i denne boki. Og heile folket gjekk inn i pakti.
4 Sidan sa kongen til Hilkias, øvstepresten, og dei prestane som var næst etter han, og til dei som heldt vakt ved dørstokken, at dei skulde hava burt or Herrens tempel alle dei gognene som hadde vorte laga åt Ba'al og Astarte og åt heile himmelheren; han brende dei upp utanfor Jerusalem på Kidrons-vollane, og oska let han føra til Betel*.
5 Han sette av dei prestane som Juda-kongane hadde sett inn, og som brende røykjelse på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og like eins dei som brende røykjelse for Ba'al, for soli og månen og stjernebileti i dyreringen og heile himmelheren.
6 Han hadde Astarte-biletet ut or Herrens hus og sende det ut or Jerusalem, til Kidronsdalen, og der - i Kidronsdalen - brende han det upp og mol det til dust, og dusti kasta han burt på ålmugegravene.
7 Han reiv ned husi åt dei som hadde vigt seg til skjøkjelivnad* og slege seg ned tett innmed Herrens hus; det var dei same husi som kvinnone sat og vov småtjeld i for Astarte.
8 Han flutte alle prestane inn frå Juda-byane og gjorde dei haugane ureine der prestane hadde brent røykjelse; so gjorde han alt ifrå Geba og ende til Be'erseba. Porthaugane reiv han ned, både den som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, og den som låg til vinstre ved byporten.
9 Offerhaug-prestane fekk ikkje ofra på Herrens altar i Jerusalem, men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.
10 Han gjorde Tofet* i Hinnomssons-dalen ureint, so ingen skulde lata son sin eller dotter si ganga gjenom elden for Molok.
11 Han fekk burt dei hestane som Juda-kongane hadde vigt til soli og sett attmed inngangen til Herrens hus, burtimot kammerset åt hirdmannen Netan-Melek i Parvarim*; solvognene brende han upp.
12 Altari som stod på taket yver høgeloftet åt Akas, og som Juda-kongane hadde reist, og dei altari som Manasse hadde reist i båe fyregardane til Herrens hus, reiv kongen ned; han slo dei sund og hadde dei burt og kasta gruset i Kidronsbekken.
13 Dei offerhaugane som låg midt imot Jerusalem på høgre sida av Tynings-fjellet, og som Salomo, Israels konge, hadde bygt for Astarte, styggedomen åt sidonarane, og for Kamos, styggedomen åt Moab, og for Milkom, den avstyggelege avguden åt Ammons-borni, dei gjorde kongen ureine.
14 Han braut sund minnesteinane og hogg ned Astarte-bileti og fyllte tufti dei hadde stade på, med mannebein.
15 Sameleis altaret i Betel, offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt - han som fekk Israel til å synda - ogso det altaret og den offerhaugen reiv han ned; han brende upp haugen og mol han til dust; like eins brende han upp Astarte-biletet.
16 Som no Josias snudde seg, vart han var gravene som låg der på fjellet. Då sende han folk av stad og let henta beini or gravene og brende dei på altaret; soleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som gudsmannen hadde ropa ut - han som ropa ut at dette skulde henda.
17 So spurde kongen: Kva er det for ein gravstein eg ser der burte? Bymennene svara: Det er gravi åt den gudsmannen som kom frå Juda og ropa ut yver altaret i Betel at det skulde henda som du no hev gjort.
18 Då sa kongen: Lat han kvila i fred! Ingen må flytja beini hans! So let dei beini hans vera i fred og sameleis beini åt den profeten som var komen frå Samaria.
19 Josias rudde burt alle offerhaug-husi i Samaria-byane og, dei som Israels-kongane hadde bygt og harma Herren med, og han for i alle måtar like eins åt med dei som han hadde gjort i Betel.
20 Alle offerhaug-prestane som fanst der, let han drepa på altari og brende mannebein på dei. So for han heim att til Jerusalem.
21 Kongen sende ut det bodet til heile folket: Haldt påskehøgtid for Herren dykkar Gud, soleis som det er fyreskrive i denne paktboki!
22 For ei sovori påskehelg hadde ikkje vorte haldi sidan den tid då domarane styrde Israel - ikkje i all den tid det rådde kongar yver Israel og Juda.
23 Det var fyrst i attande året av kongedømet åt Josias at ei sovori påskehelg vart haldi for Herren i Jerusalem.
24 Attåt alt anna som Josias gjorde, rudde han ut dei som for med å mana fram daudingar og spåvette, og husgudane og dei ufysne avgudane og alle dei andre styggetingi som hadde vore å sjå i Juda-landet og i Jerusalem; for han vilde halda lovbodi som stod skrivne i den boki Hilkias, presten, hadde funne i Herrens hus.
25 Det hadde aldri fyrr vore nokon konge som han, nokon som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta og all sin hug og all sin styrke og halde alt som Moselovi krev, og aldri stod det fram maken hans sidan heller.
26 Like vel gav ikkje Herren upp den store og brennande harmen sin - den harmen som brann i han mot Juda for alle dei syndene skuld som Manasse hadde vakt vreiden hans med.
27 Herren sa: Eg vil skuva Juda og burt ifrå meg, liksom eg skuva burt Israel, og eg vil vanda denne byen som eg valde ut, Jerusalem, og det huset som eg sa at namnet mitt skulde bu i.
28 Det som meir er å segja um Josias og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
29 I hans tid gjorde Farao Neko, kongen i Egyptar-land, ei herferd mot kongen i Assyria - til Frat-elvi. Kong Josias drog imot han, men Neko felte han ved Megiddo med same han fekk sjå han.
30 Mennene hans køyrde den falne kongen sin burt frå Megiddo og førde han til Jerusalem; der sette dei han ned i gravi hans. Og landslyden tok og salva Joakas, son åt Josias, og kåra han til konge etter faren.
31 Joakas var tri og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i tri månader. Mor hans heitte Hamutal; ho var dotter åt Jirmeja og var frå Libna.
32 Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom federne hans.
33 Farao Neko la han i lekkjor i Ribla i Hamat-landet, etter han hadde vorte konge i Jerusalem, og kravde av landet ei bot på hundrad talent sylv og eit talent gull.
34 So sette Farao Neko Eljakim, son åt Josias, til konge etter Josias, far hans, og brigda namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egyptar-land, og der døydde han.
35 Jojakim reidde ut sylvet og gullet til Farao; men han laut likna ut ein skatt på landet, so han kunde svara den summen Farao kravde. Kvar mann laut leggja det han var likna i. Soleis dreiv Jojakim inn både sylvet og gullet hjå landslyden, og greidde det so ut til Farao Neko.
36 Jojakim var fem og tjuge år då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebida; ho var dotter åt Pedaja og var frå Ruma.
37 Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom federne hans.