«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 20

1  Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren; Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.

2  Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:

3  Å Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret.

4  So hende det, fyrr Esaias var komen ut or den indre byen, at det kom eit ord til han frå Herren; det lydde so:

5  Gakk attende og seg til Esekias, fyrsten yver folket mitt: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine, og no vil eg gjera deg god att - tridje dagen frå no kann du ganga upp til Herrens hus.

6  Og eg vil leggja femtan år attåt alderen din og berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans; eg vil verna denne byen for mi eigi skuld og for Davids skuld, han som var tenaren min.

7  So sa Esaias: Kom med ei fikekaka! So gjorde dei det og la fikekaka på verken. Då friskna Esekias til att,

8  og han sa til Esaias: Kva skal eg hava til merke på at Herren vil gjera meg god att, so eg kann ganga upp til Herrens hus tridje dagen?

9  Esaias svara: No skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova: Skal skuggen ganga ti strek fram eller ti strek attende?

10  Esekias sa: Det er uvandt for skuggen å tøygja seg ti strek fram; nei, han lyt ganga ti strek attende.

11  Då ropa profeten Esaias til Herren, og HAN let skuggen ganga dei same streki attetter som han nyst hadde gjenge ned på solskiva åt Akas - ti strek.

12  Ved det leitet sende Berodak Baladan, son åt Baladan og konge i Babel, nokre menner med brev og gåvor til Esekias; for han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.

13  Då Esekias hadde høyrt på dei, synte han dei heile skatthuset sitt, sylvet og gullet og dei angande kryddone og den kostesame oljen og heile våpnhuset sitt og alt det som var i skattkammeri hans; det fanst ikkje ein ting i hans hus og i heil hans rike anna han let dei få sjå det.

14  Då kom profeten Esaias til kong Esekias og spurde han: Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå til deg? Esekias svara: Dei kom frå eit land langt burte - frå Babel.

15  Hin spurde: Kva fekk dei sjå i huset ditt? Esekias svara: Alt som er i huset mitt, fekk dei sjå; det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte dei.

16  Då sa Esaias til Esekias: Høyr no Herrens ord!

17  Det kjem ei tid då alt det som finst i huset ditt, og alle skattane som federne dine hev samla alt til denne dag, skal førast burt til Babel.

18  Og sume av sønene dine som skal ættast frå deg, som du vert far til, skal dei taka og gjera til hirdmenner i slottet åt kongen i Babel.

19  Esekias svara: Det ordet du segjer meg frå Herren, er godt. Og han la til: Er det ikkje godt, når det fær vera fredleg og trygt so lenge eg lever?

20  Det som meir er å segja um Esekias og alle storverki hans, og korleis han laga dammen og vassleidingi og leidde vatnet inn i byen, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

21  So for Esekias til federne sine, og Manasse, son hans, vart konge etter han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23