Andre Kongebok 18
1 Det var i tridje året av Hosea Elasons kongedøme i Israel at Esekias, son åt Akas, Juda-kongen, vart konge.
2 Han var fem og tjuge år gamal då han tok styret, og sat tvo og tjuge år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Abi og var dotter åt Sakarja.
3 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heiltupp soleis som David, ættefaren hans.
4 Han la ned offerhaugane og slo sund biletsteinane og hogg ned Astarte-biletet og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for han; dei kalla han Nehustan.
5 Til Herren, Israels Gud, sette han si lit. Det hev ikkje vore hans like millom alle Juda-kongane som kom etter han, og ikkje millom dei som var fyre han heller.
6 Han heldt seg trutt til Herren og veik ikkje frå han - han heldt dei bodi som Herren hadde kunngjort for Moses.
7 Og Herren var med han; i alt han tok seg fyre, stelte han seg visleg. Han sette seg upp imot assyrarkongen og vilde ikkje standa under han lenger.
8 Han vann på filistarane og hertok landet deira alt til Gasa og bygdene som ligg ikring, med både vakttårn og faste byar.
9 I fjorde året av Esekias' kongedøme, som var sjuande året av kongedømet åt Hosea Elason i Israel, bar det so til at Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei herferd mot Samaria og kringsette borgi,
10 og då tri år var lidne, tok dei henne. Det var i sette året av kongedømet åt Esekias og niande året av Hoseas kongedøme i Israel at Samaria vart teke.
11 Assyrarkongen førde Israel burt til Assyria og flutte dei til Halah og til Habor, ei å i Gosan, og til byane i Media.
12 So gjekk det dei for di dei ikkje lydde etter Herren sin Guds røyst, men braut hans pakt - alt det som Moses, Herrens tenar, hadde sett dei fyre; ikkje høyrde dei på det, og ikkje heldt dei seg etter det.
13 I fjortande året av kongedømet åt Esekias drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle faste byar i Juda-riket og hertok dei.
14 Då han var komen til Lakis, sende Esekias, Juda-kongen, bod til han med dei ordi: Eg hev synda; vend um og lat meg vera i fred! Det du legg på meg, skal eg bera: So kravde assyrarkongen tri hundrad talent sylv og tretti talent gull av Esekias, Juda-kongen.
15 Og Esekias reidde ut alt sylvet som fanst i Herrens hus og i skattkammeri i kongsgarden.
16 Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens tempel og av dørstolpane som han sjølv hadde klædt med gull, og gav det til assyrarkongen.
17 Men assyrarkongen sende Tartan og Rabsaris og Rabsake med ein stor her frå Lakis mot kong Esekias i Jerusalem. Dei for upp til Jerusalem, og då dei var komne dit, stana dei innmed vassleidingi frå Øvredammen, attmed alfarvegen til Vaskarvollen*.
18 So ropa dei på kongen; då gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til dei saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.
19 Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med?
20 Du segjer - men det er berre tome ord -: Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det då du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg?
21 Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptar-land, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi på alle som styd seg på han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit på han.
22 Men svarar de meg: Det er Herren vår Gud me lit på - var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekiel fekk burt, då han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda, her i Jerusalem?
23 Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.
24 Korleis skulde du då kunna driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du på Egyptar-land og vonar du skal få vogner og hestfolk derifrå.
25 Trur du då det er mot Herrens vilje eg hev drege mot denne staden og vil leggja han i øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde!
26 Då sa Eljakim Hilkiasson og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine på syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss på jødisk, so folket som stend på muren, høyrer det!
27 Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje heller til dei mennene som sit på muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve?
28 So steig han fram og ropa med høg røyst på jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria!
29 So segjer kongen: Lat ikkje Esekias få dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk ut or hendene hans.
30 Lat ikkje Esekias få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, og denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.
31 Høyr ikkje på Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de fritt få eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,
32 til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, med brød og vinhagar, med oljetre og honning, so de kann leva og ikkje tarv døy! Men høyr ikkje på Esekias når han lokkar dykk og segjer: Herren vil berga oss!
33 Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?
34 Kvar var gudane åt Hamat og Arpad? Kvar var gudane åt Sefarva'im og Hena og Ivva?
35 Kven var det av alle gudane kring i landi som berga landet sitt for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine?
36 Folket tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve: De skal ikkje svara han.
37 Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.