«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 17

1  Det var i tolvte året av kongedømet åt Akas i Juda at Hosea Elason fekk veldet yver Israels-riket, og han sat konge i Samaria i ni år.

2  Han gjorde det som Herren mislika, men ikkje so som dei Israels-kongane som hadde vore fyre han.

3  Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei herferd mot han, og Hosea laut gjeva seg under han og leggja skatt åt han.

4  Men då det leid um ei tid, sende han bod til So, kongen i Egyptar-land, og svara ikkje lenger den årlege skatten. Då skyna assyrarkongen at han vilde gjera uppreist, og sette han fast og held han i fengsel.

5  For assyrarkongen kom og herja på heile landet, og han drog mot Samaria-borgi og heldt henne kringsett i tri år.

6  I niande året av Hoseas kongedøme hertok han Samaria og førde Israel burt til Assyria. Han let dei busetja seg i Halah og innmed Habor, ei å i Gosan, og i byane i Media.

7  Soleis gjekk det av di Israels-borni synda mot Herren sin Gud, som hadde ført dei upp frå Egyptar-landet og fria dei frå Farao, egyptarkongen, og hans velde, og av di dei ottast andre gudar

8  og heldt seg etter skikkane åt dei heidningfolki som Herren hadde drive burt for Israels-borni, og etter dei skikkane som Israels-kongane hadde skipa.

9  Israels-borni hylde Herren sin Gud med ord som ikkje var rette*; dei bygde seg offerhaugar på alle bustadene sine, anten det berre var vakttårn**, eller det var byar med murar ikring;

10  dei reiste minnesteinar og Astarte-bilete på kvar høg haug og under kvart grønt tre

11  og brende røykjelse der på alle haugane, liksom dei heidningfolki gjorde som Herren hadde drive burt for dei; og mykje anna vondt gjorde dei, so dei harma Herren;

12  dei dyrka jamvel dei ufysne avgudane, det som Herren hadde forbode dei so strengt.

13  Herren let alle profetane sine - alle sjåarane - vara Israel og Juda åt med sovorne ord: Vend um frå dei vonde vegane dykkar og haldt bodi og fyresegnene mine etter heile den lovi som eg gav federne dykkar og sende til dykk med tenarane mine, profetane!

14  Men dei vilde ikkje høyra; dei var likso stivnakka som federne sine, dei som ikkje trudde på Herren sin Gud.

15  Dei vanda fyresegnene hans og den pakti han hadde gjort med federne deira, og dei vitnemåli han hadde gjeva dei; dei fylgde dei inkjeslege avgudane og vart dårar og laga seg etter dei heidningfolki som budde rundt ikring dei, og som Herren hadde forbode dei å taka etter.

16  Dei ansa ikkje noko av dei bodi som Herren deira Gud hadde gjeve, men gjorde seg støypte bilete, tvo kalvar, og laga eit Astarte-bilete og tilbad heile himmelheren og dyrka Ba'al.

17  Dei let sønene og døtterne sine ganga gjenom elden og for med spådomskunster og varseltyding og selde seg til å gjera det som Herren mislika, so dei øste han upp.

18  Difor vart Herren ovende harm på Israel og støytte dei frå seg; det vart ingen att anna berre Juda-ætti.

19  Men Juda heldt ikkje heller Herren sin Guds bod; dei og heldt seg etter dei skikkane som Israel hadde teke til med.

20  Difor vanda Herren heile Israels-ætti og for hardt med dei og gav dei i hendene på ransmenner, og då det leid på, kasta han dei burt ifrå seg.

21  For då han hadde rive Israel laus frå Davids hus, og dei hadde teke Jeroboam Nebatsson til konge, då fekk Jeroboam drege Israel burt frå Herren og lokka dei til å gjera ei stor synd.

22  Sidan for Israels-borni fram etter den same syndefulle vegen som Jeroboam hadde fylgt; den veik dei aldri utav.

23  Til slutt støytte Herren Israel frå seg, soleis som han hadde varsla gjenom alle tenarane sine, profetane - Israel vart ført burt frå sitt eige land til Assyria, og der hev dei vore til denne dag.

24  Kongen i Assyria flutte folk frå Babel og Kuta og Avva og Hamat og Sefarva'im og let dei busetja seg i byane i Samaria i staden for Israels-borni; og dei tok Samaria i eige og vart buande i byane der.

25  No var det so at i den fyrste tidi etter dei hadde busett seg der, ottast dei ikkje Herren, difor sende Herren løvor inn imillom dei, og løvone drap mange av dei.

26  So sa folk til kongen i Assyria: Dei folki som du flutte burt og let få bu i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet, difor hev han sendt løvor inn imillom dei, og løvone drep dei ned, av di dei ikkje veit korleis dei skal dyrka landsens gud.

27  So sa kongen i Assyria til mennene sine: Send i veg ein av dei prestane som de førde burt derifrå! Lat dei* fara dit og få bu der, so han kann læra dei korleis dei skal dyrka landsens gud!

28  So kom ein av dei prestane som dei hadde ført burt frå Samaria, og han busette seg i Betel og tok til å læra dei korleis dei skulde ottast Herren.

29  Alle desse folki gjorde seg sine eigne gudebilete og sette dei upp i dei offerhaug-husi som Samaria-mennene hadde bygt - kvart folk i dei byane som dei budde i.

30  Mennene frå Babel gjorde seg eit bilete av Sukkot-Benot, og Kut-mennene eit Nergal-bilete, og Hamat-mennene eit Asima-bilete;

31  avitane laga eit Nibhas- og eit Tartak-bilete, og sefarvitane brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, Sefarva'im-gudane.

32  Men no tok dei til å ottast Herren og; dei gjorde kven dei vilde av folki sine til offerhaug-prestar, og dei ofra for dei i husi på haugane.

33  Dei ottast Herren, men dei dyrka like vel sine eigne gudar på same vis som heidningfolki i dei landi dei var førde burt ifrå.

34  Enno i dag fer dei fram på si gamle vis. Dei ottast ikkje Herren* og held seg ikkje etter dei fyresegnene og rettane dei hev fenge, og ikkje etter den lovi og dei bodi Herren hev gjeve etterkomarane etter Jakob, han som han gav namnet Israel**.

35  For med dei gjorde Herren ei pakt og sa til dei: De skal ikkje ottast andre gudar og ikkje tilbeda dei og ikkje dyrka dei og ikkje ofra til dei

36  Men Herren - han som førde dykk upp frå Egyptar-landet med stor styrke og med strak arm - han skal de ottast, og han skal de tilbeda, og han skal de ofra til.

37  Dei fyresegnene og rettane og den lovi og dei bodi som han let skriva åt dykk, dei skal de koma i hug å halda alle dagar, og de må ikkje ottast andre gudar.

38  Den pakti eg gjorde med dykk, må de ikkje gløyma, og de må ikkje ottast andre gudar.

39  Berre Herren dykkar Gud skal de ottast - då vil han berga dykk frå alle fiendane dykkar.

40  Men dei vilde ikkje høyra; dei for åt på same vis som fyrr.

41  So bar no desse heidningfolki age for Herren, men dyrka samstundes dei utskorne bileti sine. Borni og barneborni deira gjorde og som federne sine, og soleis er det enno i dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23