Andre Kongebok 14
1 Det var i andre året av kongedømet åt Joas Joakasson i Israel Amasja vart konge; han var son åt Joas, Juda-kongen.
2 Han var fem og tjuge år gamal då han tok styret, og sat ni og tjuge år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
3 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje so som David, ættefaren hans; han for i alle måtar åt som Joas, far hans, hadde gjort.
4 Offerhaugane vart ikkje nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane.
5 So snart han hadde fenge kongedømet fast i si hand, tok han livet av dei hirdmennene som hadde drepe kongen, far hans.
6 Men han tok ikkje livet åt borni åt dråpsmennene - han heldt seg etter det som stend skrive i lovboki åt Moses, der Herren hev gjeve dette bodet: Foreldri skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og borni ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sine eigne brot.
7 Han slo edomitane i Saltdalen - ti tusund mann - og tok Sela; han kalla borgi Jokte'el, og det namnet hev ho den dag i dag.
8 På den tidi sende Amasja bod til Joas, Israels-kongen, son åt Joakas Jehuson, med dei ordi: Kom lat oss røyna kvarandre!
9 Då sende Joas, Israels-kongen, bod attende til Amasja, Juda-kongen, og svara: Klungeren på Libanon sende ein gong bod på sederen i Libanon og let segja: Lat son min få dotter di til kona! Men villdyri på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
10 Du hev vunne på edomitane; difor hev du vorte so stormodig. Lat deg lita med den æra du hev vunne, og sit heime! Kvifor vil du bjoda ut ulukka? Du kjem berre til å rjuka, og Juda-riket med deg.
11 Men Amasja vilde ikkje høyra på han. So drog Joas, Israels-kongen, ut, og dei kom i kast med kvarandre, han og Amasja, Juda-kongen, ved Bet-Semes, som høyrer til Juda-riket.
12 Då tapte Juda-mennene for Israels-mennene og rømde kvar til sin heim.
13 Joas, Israels-kongen, fanga Amasja, Juda-kongen, son åt Joas Akasjason, ved Bet-Semes. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efra'ims-porten til Hyrneporten, eit stykke på fire hundrad alnar.
14 Og han tok alt gullet og sylvet og alle eignelutane som fanst i Herrens hus og i skattkammeri i kongsgarden; gislane tok han med seg. So for han heim att til Samaria.
15 Det som meir er å segja um Joas, um det han gjorde, og um storverki hans og korleis han slost med Amasja, Juda-kongen, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
16 So for Joas til federne sine og vart gravlagd i Samaria, der hine Israels-kongane låg. Jeroboam, son hans, vart konge etter han.
17 Amasja Joasson, Juda-kongen, levde femtan år etter Joas Joakasson, Israels-kongen, var avliden.
18 Det som meir er å segja um Amasja, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
19 Dei svor seg saman mot han i Jerusalem, og han rømde til Lakis; men det vart sendt folk etter han, og dei tok livet av han der.
20 So køyrde dei han derifrå med hestar*, og han vart gravlagd i Jerusalem, der federne hans låg, i Davids-staden.
21 Sidan tok heile Juda-folket og gjorde Asarja*, som då var sekstan år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
22 Han vann Elat att åt Juda-riket og og bygde byen um til ei borg, etter kongen var faren til federne sine.
23 Det var i femtande året av Amasja Joassons kongedøme i Juda at Jeroboam, son åt Joas, Israels-kongen, tok styret, og han sat konge i Samaria ein og fyrti år.
24 Han gjorde det som Herren mislika, og veik aldri utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja.
25 Men han flutte landskilet åt Israel fram til dei gamle merki, so det gjekk frå Hamat-vegen til Moavatnet, etter det ordet som Herren, Israels Gud, hadde tala gjenom tenaren sin, profeten Jonas Amittaison frå Gat-Hefer.
26 For Herren hadde set at Israel var stadd i ovhard naud; det var ute både med store og små og fanst ingen som hjelpte Israel.
27 Og Herren hadde ikkje sagt at han vilde strjuka ut Israels namn under himmelen; difor let han Jeroboam Joasson få berga dei.
28 Det som meir er å segja um Jeroboam, um alt det han gjorde, og um storverki hans, um herferdene han gjorde, og korleis han vann att for Israel den luten av Damaskus og Hamat som fyrr hadde høyrt til Juda, det stend det skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
29 So for Jeroboam til federne sine, Israels-kongane, og Sakarja son hans, vart konge etter han.