«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 13

1  I tri og tjugande året av kongedømet åt Joas Akasjason i Juda vart Joakas, son åt Jehu, konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde for riket i syttan år.

2  Han gjorde det som Herren mislika, og for fram etter same syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja - den veik han ikkje utav.

3  Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på Hasael, kongen i Syria, og Benhadad, son hans, heile tidi.

4  Men Joakas freista å blidka Herren, og Herren høyrde på han, av di han såg den naudi Israel var stadd i då syrarkongen trengde dei so hardt.

5  Herren gav Israel ein hjelpar, so dei kom seg undan syrarveldet. Sidan fekk Israels-borni bu i heimane sine som dei fyrr hadde gjort.

6  Like vel veik dei ikkje utav den syndefulle vegen som Jeroboams hus hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja; den heldt dei fram etter; jamvel Astarte-biletet vart standande i Samaria.

7  [Herren bønhøyrde Joakas] for han hadde ikkje leivt meir folk åt han enn femti ridarar og ti vogner og ti tusund mann fotfolk; for syrarkongen hadde tynt dei og gjort dei so små som dusti som ligg att etter treskjingi.

8  Det som meir er å segja um Joakas, um alt det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

9  So for Joakas til federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joas, son hans, vart konge etter han.

10  Det var i sju og trettiande året av kongedømet åt Joas i Juda at Joas Joakasson vart konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde for riket i sekstan år.

11  Han gjorde det som Herren tykte ille um, og veik aldri utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja; den for han fram etter.

12  Det som meir er å segja um Joas, um alt det han gjorde, og um storverki hans, korleis han slost med Amasja, Juda-kongen, det stend skrive i krønikebøkene åt Israels-kongane.

13  So for Joas til federne sine, og Jeroboam sette seg på kongsstolen hans. Joas vart gravlagd i Samaria, der hine Israels-kongane låg.

14  Då Elisa hadde fenge helsotti, kom Joas, Israels-kongen, ned til han og gret uppyver han og sa: Far, far! Du som er Israels vogner og ridarar!

15  Då sa Elisa til han: Henta ein boge og nokre piler! Då henta han det til han.

16  Då sa Elisa til Israels-kongen: Legg handi di på bogen! Då han det hadde gjort, la Elisa hendene sine på hendene åt kongen

17  og sa: Lat upp vindauga som vender mot aust! Han let det upp, og Elisa sa: Skjot! So skaut kongen. Då sa Elisa: Ei sigers-pil frå Herren, ei sigers-pil mot syrarane! Du skal slå syrarane i Afek og heiltupp gjera ende på dei.

18  Sidan sa han: Tak pilene! Kongen tok dei, og Elisa sa til han: Slå på jordi! Han slo tri gonger, men so heldt han upp.

19  Då vart gudsmannen harm på han og sa: Du skulde ha slege fem eller seks gonger, so hadde du heiltupp gjort ende på syrarane; no kjem du berre til å slå dei tri gonger.

20  So døydde Elisa og vart gravlagd. - I fyrstningi av året kom det jamt herjeflokkar inn i landet frå Moab.

21  So hende det ein dag medan dei var åt og skulde jorda ein mann, at dei fekk sjå ein herjeflokk; då kasta dei mannen ned i gravi åt Elisa, og med same mannen kom nær beini åt Elisa, livna han upp att og reis på føtene.

22  Hasael, kongen i Syria, trengde Israel hardt so lenge Joakas levde.

23  Men Herren miskunna dei og ynkast yver dei og vende seg til dei for den pakti skuld som han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han vilde ikkje øyda dei ut og kasta dei ikkje endå burt ifrå seg.

24  Og då Hasael, kongen i Syria, var avliden, og Benhadad, son hans, hadde vorte konge etter han,

25  då vann Joas Joakasson dei byane att som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred millom dei. Tri gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23