«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 12

1  Det var i sjuande året av Jehus kongedøme Joas vart konge, og han rådde i Jerusalem i fyrti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be'erseba.

2  Joas gjorde det som rett var i Herrens augo, heile tidi, so lenge Jojada, presten, rettleidde han -

3  so nær som at offerhaugane ikkje vart nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane.

4  Joas sa til Presten: Dei heilage gåvone som kjem inn til Herrens hus i pengar - både pengane frå dei som kjem med i manntalet*, og takstpengane for folk som vert utløyste**, og alle pengane som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med -

5  dei skal prestane taka imot, kvar av dei folki han kjenner, og so skal dei bøta brestene i Herrens hus kvar det finst nokon brest.

6  Men i tri og tjugande året av Joas' kongedøme hadde prestane endå ikkje bøtt brestane i huset.

7  Då kalla Joas presten Jojada og dei andre prestane fyre seg og sa til dei: Kvifor bøter de ikkje brestane i Herrens hus? Heretter skal de ikkje taka imot pengar av kjenningane dykkar, men gjeva dei frå dykk til å vøla templet med.

8  So gjekk prestane med på at dei ikkje skulde taka imot pengar av folket, men so skulde dei ikkje heller hava noko med å vøla huset.

9  Og Jojada, presten, tok ei kista og bora hol i loket og sette henne innmed altaret på høgre sida, der som folk gjeng inn i Herrens hus. I den la prestane som heldt vakt ved dørstokken, alle pengar som kom inn til Herrens hus.

10  Når dei då såg at det var mange pengar i kista, gjekk skrivaren åt kongen dit upp saman med øvstepresten og knytte dei inn og talde dei pengane som fanst i Herrens hus.

11  So gav dei pengane som dei hadde vege, i hendene på dei som stod fyre arbeidet og hadde tilsyn med Herrens hus, og DEI greidde dei ut til timbremennene og bygningsmennene som arbeidde på Herrens hus,

12  og til murarane og steinhoggarane, eller nytta dei til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, so brestene i Herrens hus kunde verta bøtt - til alt som laut kostast på huset, so det kunde setjast i stand att.

13  Det vart ikkje gjort sylvfat eller knivar eller blodbollar eller lurar eller noko slag ting i gull eller sylv åt Herrens hus for dei pengane som kom inn til det;

14  dei vart gjevne til dei som stod fyre arbeidet, og nytta til å vøla på Herrens hus.

15  Det vart ikkje kravt rekneskap av dei mennene som tok imot pengane og skulde gjeva dei til arbeidsfolket; for dei for ærleg fram.

16  Men skuldoffer- og syndoffer-pengane kom ikkje inn til Herrens hus; det var prestane som fekk dei.

17  På den tidi gjorde Hasael, kongen i Syria, ei herferd mot Gat, og då han hadde vunne den byen, etla han seg til å ganga mot Jerusalem.

18  Då tok Joas, Juda-kongen, alle dei heilage gåvone som federne hans, Juda-kongane Josafat og Joram og Akasja, hadde helga, og dei han sjølv hadde helga, og alt gull som fanst i skattkammeri i Herrens hus og i kongsgarden, og sende det til Hasael, syrarkongen. So drog han burt og gjekk ikkje mot Jerusalem.

19  Det som ellers er å segja um Joas og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

20  Hirdmennene åt Joas gjorde uppreist og laga ei samansverjing og drap han i Millo-huset, som gjeng ned til Silla.

21  Dei hirdmennene som slo han i hel, heitte Josakar Sim'atsson og Josabad Somersson. Han vart gravlagd hjå federne sine i Davidsstaden, og Amasja, son hans, vart konge etter han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23