«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 10

1  Akab hadde sytti søner i Samaria. So skreiv då Jehu brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jisre'el - styresmennene - og til dei som Akab hadde sett til verjor for sønene sine, og i brevi stod:

2  De hev sønene åt herren dykkar hjå dykk, og de råder yver vognene og hestane og ei sterk borg og våpni. Når no dette brevet kjem dykk i hender,

3  so sjå dykk ut den beste og høveligaste av sønene åt herren dykkar og set han på kongsstolen åt far hans, og strid so for huset åt herren dykkar!

4  Då vart dei fælande redde og sa: Dei tvo kongane kunde ikkje standa seg mot han; korleis kann då me?

5  Og alle saman, både slottshovdingane og byhovdingane og styresmennene og verjone åt kongssønene, sende bod til Jehu med dei ordi: Me er dine tenarar, og alt det du segjer til oss, vil me gjera. Me tek ikkje nokon til konge. Gjer du det du sjølv tykkjer best!

6  So skreiv han eit nytt brev til dei, og der stod: Held de med meg og vil lyda meg, so hogg hovudi av sønene åt herren dykkar og kom til meg i Jisre'el i morgon dette bel! Kongssønene, sytti i talet, budde hjå storfolket i byen, som fostra dei.

7  Med same dei hadde fenge brevet, tok dei kongssønene og drap dei, alle sytti; so la dei hovudi deira i korger og sende dei til han i Jisre'el.

8  Då han fekk bod um at dei var komne med hovudi av kongssønene, sa han: Legg dei i tvo haugar utfor porten til i morgon!

9  Morgonen etter gjekk han ut og steig fram og sa til folket: De er saklause! Det var eg som fekk i stand samansverjingi mot herren min og drap han. Men kven hev slege i hel alle desse?

10  No ser de at ikkje eit ord hev vorte um inkje av det som Herren tala mot Akabs hus. Herren hev gjort det som han let Elias, tenaren sin, varsla.

11  Jehu slo i hel alle som var att av Akabs hus i Jisre'el, og alle stormennene og kjenningane og prestane hans; han sparde ingen og let ingen sleppa undan.

12  So ferda han seg til og tok av stad til Samaria. Då han var på vegen dit og var komen til Bet-Eked-Haro'im,

13  møtte han brørne* åt Akasja, Juda-kongen. Han spurde dei: Kven er de? Dei svara: Me er brør åt Akasja; me er på veg ned og vil helsa på kongssønene og sønene åt kongsmori.

14  Då ropa han: Tak dei levande! Og mennene hans tok dei og hogg dei ned innmed brunnen i Bet-Eked - dei var tvo og fyrti i talet; han sparde ikkje ein einaste av dei.

15  Då han for derifrå, råka han på Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Han helsa og sa: Meiner du det likso ærleg med meg so eg med deg? Jonadab svara: Ja. Er det so [sa Jehu], so rett meg handi! Då han so rette han handi, drog Jehu han upp til seg i vogni

16  og sa: Fylg meg, so skal du få sjå kor ihuga eg er for Herrens sak! So fekk han køyra med han i vogni.

17  Då han kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Akabs ætt der i byen, og heldt ikkje upp fyrr han hadde gjort ende på heile ætti - etter det ordet som Herren hadde tala til Elias.

18  Sidan stemnde Jehu saman alt folket og tala soleis til dei: Akab dyrka Ba'al lite, Jehu skal dyrka han mykje.

19  Kalla no hit til meg alle profetane åt Ba'al og alle dei som dyrkar han, og prestane hans, ikkje ein må vanta! For eg etlar halda ein stor slaktofferfest for Ba'al; kven som vert sakna der, skal lata livet. - Det var ei list Jehu fann på, so han kunde få rudt ut Ba'als-dyrkarane.

20  Sidan sa han: Lys ut ei heilag samlingshøgtid for Ba'al! So lyste dei ut ei sovori høgtid.

21  Sjølv sende han bod kringum i heile Israel, og alle Ba'als-dyrkarane kom; det fanst ikkje EIN anna han kom. Dei gjekk inn i Ba'als-templet, og Ba'als-templet vart fullt frå ende til annan.

22  So sa han til den mannen som hadde tilsyn med klædebui: Tak fram klædebunader åt alle Ba'als-dyrkarane! Og han henta fram bunadene åt dei.

23  Sidan kom Jehu med Jonadab Rekabsson til Ba'als-templet og sa til Ba'als-dyrkarane: Sjå vel etter at det ikkje er nokon av Herrens tenarar med dykk her, anna berre Ba'als-dyrkarar!

24  So gjekk dei inn og ofra slaktoffer og brennoffer. Men Jehu hadde sett åtti mann på vakt utanfor og sagt til dei: Slepp nokon undan av dei mennene som eg no gjev i hendene på dykk, skal de bøta med liv for liv.

25  Då dei so hadde gjort frå seg brennoffer-blotingi, sa Jehu til drabantane og livvakti: Inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa ut! So hogg dei dei ned med kvasse sverdet og kasta dei ut - gjorde drabantane og livvakti - og gjekk til Ba'als-tempelbyen*.

26  Dei bar ut sulone i Ba'als-templet og brende dei upp

27  og reiv ned Ba'als-sula; sjølve Ba'als-templet reiv dei og ned og laga det um til naudturftstader, som finst der den dag i dag.

28  Soleis var det Jehu rudde ut Ba'al or Israel.

29  Men dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fenge Israel til å gjera, gav han ikkje upp; han heldt ved og dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30  Og Herren sa til Jehu: Etter di du hev gjort til gagns det som rett var i mine augo, og i alle måtar hev fare soleis med Akabs hus som eg vilde, so skal etterkomarane dine sitja på Israels kongestol til fjorde leden.

31  Men Jehu la ikkje vinn på å fara fram av alt sitt hjarta etter den lovi som Herren, Israels Gud, hadde sett; han gav ikkje upp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fenge Israel til å gjera.

32  På den tidi tok Herren til å skjera stykke ut or Israel. Hasael vann yver dei langs heile Israels landskil

33  og tok på austsida av Jordan heile Gilead-landet, Gads-ætti og Rubens-ætti og Manasse-ætti, alt i frå Aroer ved Arnon-åi, både Gilead og Basan.

34  Det som meir er å segja um Jehu, alt det han gjorde og alle storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

35  So for Jehu til federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joakas, son hans, vart konge etter han.

36  Den tidi Jehu sat konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23