«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Kongebok 1

1  Etter Akab var avliden, sa Moab seg laus frå Israel.

2  Ein dag datt Akasja ut gjenom grindi som var framanfor vindauga i høgstova hans i Samaria, og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menner av stad og sa til dei: Gakk og spør Ba'al-Sebub, Ekron-guden, um eg skal koma meg av denne sjukdomen!

3  Men Herrens engel tala so til Elias frå Tisbe: Gjer deg reidug og gakk til møtes med dei mennene som kongen i Samaria hev sendt i veg, og seg til dei: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan de skal av og spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden?

4  Difor segjer Herren so: Du skal ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy. So gjekk Elias i veg.

5  Då dei mennene som kongen hadde sendt i veg, kom attende til han, sa han til dei: Kvifor kjem de alt att?

6  Dei svara: Det kom ein mann til møtes med oss og sa til oss: Gakk attende til kongen som hev sendt dykk i veg, og seg til han: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan du sender bod og spør etter Ba'al-Sebub, Ekron-guden? Difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.

7  Kongen spurde: Korleis såg han ut den mannen som møtte dykk og tale soleis til dykk?

8  Dei svara: Han var klædd i ein loden kjole og hadde eit lerbelte kring livet. Då sa kongen: Det var Elias frå Tisbe.

9  So sende han hovding med femti hersveinar til han. Då hovdingen kom upp til Elias - han sat på toppen av fjellet - sa han: Du gudsmann, kongen segjer du skal koma ned.

10  Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for det eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.

11  So sende kongen ein annan hovding med femti hersveinar til Elias; og han tok til ords og sa til han: Du gudsmann, kongen segjer at du skal koma ned med ein gong.

12  Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for Guds eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.

13  So sende kongen tridje gongen ein hovding med femti hersveinar. Då denne tridje hovdingen kom upp til Elias, la han seg på kne for han og bad for seg og sa: Du gudsmann, lat livet mitt og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine auga!

14  Visst for det eld ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre femtimannshovdingane og sveinane deira; men lat no mitt liv vera dyrt i dine augo!

15  Då sa Herrens engel til Elias: Gakk men han ned! Ver ikkje redd han*! So reiste han seg og gjekk med hovdingen ned til kongen

16  og sa til han: So segjer Herrens: For di du sende bod og vilde spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden, liksom det ikkje var nokon Gud i Israel som du kunde spyrja åt - difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.

17  So døydde han, soleis som Elias varsla då han bar fram Herrens ord, og Joram* vart konge etter han i andre året av kongedømet åt Joram Josafatsson i Judariket; for han hadde ingen son.

18  Det som elles er å segja um Akasja og det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23