«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' andre brev 1

1  Den eldste - til den utvalde frua og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,

2  for den sannings skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:

3  Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens Son, og i sanning og kjærleik.

4  Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk påbod av Faderen.

5  Og no bed eg deg, frua, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.

6  Og dette er kjærleiken at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.

7  For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt; dette er forføraren og Antikrist!

8  Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev vunne med arbeidet dykkar, men at de må få full løn!

9  Kvar den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.

10  Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak han ikkje inn i huset, og bjod han ikkje velkomen!

11  for den som byd han velkomen, vert medskuldig med han i hans vonde verk.

12  Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so gleda vår kann verta fullkomi.

13  Borni åt di utvalde syster helsar deg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23