«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Korinterne 9

1  For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje;

2  for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: Akaia hev vore reidugt alt frå i fjor; og ihugen dykkar tilskunda so mange andre.

3  Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykket; for, som eg fyrr hev sagt, eg vil at de skal vera reiduge,

4  so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltrui når det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige.

5  Difor fann eg det naudsynleg å telja brørne til å fara i fyrevegen til dykk og fyreåt skipa til den gåva som de fyrr hev lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning, og ikkje som ei karg gåva.

6  Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta, og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.

7  Kvar gjeve so som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.

8  Og Gud er mektig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,

9  som skrive stend: Han strøydde ut, han gav dei fatige; hans rettferd vert verande i all æva.

10  Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og lata det aukast og gjeva vokster til fruktene av dykkar rettferd,

11  med di de i alt vert rike til all ærleg kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.

12  For den hjelpi de gjev med denne tenesta, råder ikkje berre bot på naudi hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange;

13  for ved det hjartelaget som denne hjelpi syner, kjem dei til å prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium og for den ærlege kjærleiken som syner seg i dykkar samfund med dei og med alle,

14  med di dei og på si sida bed for dykk og lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk.

15  Gud vere takk for si usegjelege gåva!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23