«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Korinterne 8

1  Me kunngjer dykk, brør, den nåde som Gud hev gjeve i kyrkjelydane i Makedonia,

2  at endå dei vart hardt røynde med trengsla, so hev deira rike gleda og deira djupe fatigdom i yverfullt mål verka hjå dei ein rikdom på ærleg kjærleik.

3  For dei gav etter si råd, det vitnar eg, ja yver si råd, og det sjølvmint.

4  Dei bad oss inderleg um lov til å få vera med i hjelpi til dei heilage;

5  og dei gav ikkje berre soleis som me vona, men dei gav seg sjølve fyrst til Herren og til oss ved Guds vilje,

6  so at me bad Titus at liksom han fyrr hadde byrja, so skulde han og fullenda hjå dykk ogso dette kjærleiksverket.

7  Men liksom de er rike i alle måtar, på tru og tale og kunnskap og all umhug og på kjærleik som de hev vekt hjå oss, so vert no og rike i dette kjærleiksverket!

8  Ikkje som eit påbod segjer eg dette, men ved ihugen hjå dei andre vil eg og røyna sanningi av dykkar kjærleik.

9  For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike.

10  Og eg segjer mi meining um dette; for det er til gagn for dykk, de som fyreåt, alt frå i fjor, tok til ikkje berre å verka, men og å vilja.

11  Men fullfør no og verket, so liksom hugen var til å vilja, soleis og fullføringi kann verta etter utkoma.

12  For er den viljuge hugen der, so er han vellika etter det som han hev, ikkje etter det som han ikkje hev.

13  For det er ikkje so meint at det skal vera lette for andre og trengsla for dykk;

14  nei, det skal vera jamnad: dykkar yvermål vert til hjelp for deira trong i den noverande tid, so og deira yvermål kann verta til hjelp for dykkar trong, so det vert jamnad,

15  som skrive stend: Den som sanka mykje, fekk ikkje yverfyllt, og den som sanka lite, leid ingen skort.

16  Men Gud vere takk, som inngav den same umhug for dykk i Titus' hjarta!

17  for han tok gjerne imot mi påminning, ja, han er endå so ihuga at han fer sjølvmint ut til dykk.

18  Og me sender og med han den broren som hev ros hjå alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet,

19  ja, ikkje berre det, men han er og av kyrkjelydane utvald til å vera vår fylgjesmann med denne kjærleiksgåva som kjem i stand ved vår tenesta, til å fremja Herrens eigi æra og vårt framtak.

20  Med det varar me oss so ingen skal kunna lasta oss for noko som vedkjem denne rike gåva som kjem i stand ved vår tenesta;

21  for me legg vinn på det som godt er, ikkje berre for Herren, men og for menneske.

22  Og me sender med dei vår bror, som me ofte på mange måtar hev funne ihuga, men no mykje meir ihuga av di han hev so stor ei tiltru til dykk.

23  Anten det då er tale um Titus, so er han min lagsmann og medarbeidar hjå dykk, eller um våre brør, so er dei sendemenn frå kyrkjelydane, Kristi æra.

24  Syn dei då sanningi av kjærleiken dykkar og av vår ros yver dykk, og det for augo på kyrkjelydane!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23