«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Korinterne 7

1  Sidan me då hev desse lovnadene, mine kjære, so lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kjøt og ånd og fullføra vår helging i age for Gud!

2  Gjev oss rom! Ingen hev me gjort urett, ingen hev me skadt, ingen hev me gjenge for nær.

3  Ikkje til fordøming for dykk segjer eg dette; for eg hev sagt det fyrr at de er i våre hjarto til å døy med oss og leva med oss.

4  Stor er mi tiltru til dykk, storleg rosar eg meg av dykk, eg er fyllt med trøyst, eg er ovrik på gleda i all vår trengsla.

5  For då me kom til Makedonia, fekk vårt kjøt ingi ro der heller, men me vart trengde på alle måtar; utantil var strid, innantil otte.

6  Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med di at Titus kom,

7  men ikkje berre med di at han kom, men og ved den trøysti han var trøysta med yver dykk, med di han fortalde oss um dykkar lengting, dykkar gråt, dykkar ihuge for meg, so eg vart endå meir glad.

8  For um eg og gjorde dykk sorg med brevet mitt, so angrar eg det ikkje; um eg enn fyrr angra det - for eg ser at det brevet gjorde dykk sorg, um enn berre ei stund -

9  so gleder eg meg no, ikkje for di de fekk sorg, men for di de fekk sorg til umvending; for de fekk ei sorg som var etter Guds hug, so de på ingen måte skulde hava skade av oss.

10  For sorgi etter Guds hug verkar umvending til frelsa, som ingen angrar; men sorgi åt verdi verkar daude.

11  For sjå, dette same at de fekk sorg etter Guds hug, kor stor ihuge verka ikkje det hjå dykk, ja forsvar, ja harm, ja otte, ja lengting, ja brennhug, ja refsing! I alt viste de at de var reine i denne saki.

12  Um eg då og skreiv til dykk, so var det ikkje for hans skuld som gjorde urett, ikkje heller for hans skuld som leid urett, men for di at dykkar umhug for oss skulde verta openberra hjå dykk for Guds åsyn.

13  Difor er me trøysta. Og attåt vår trøyst kom den langt større gleda yver Titus' gleda; for hans ånd er uppkveikt av dykk alle.

14  For um eg til han hev uttala meg med ros yver dykk, hev eg ikkje vorte til skammar; men liksom me i alle ting hev tala sant til dykk, so hev og vår ros til Titus vorte sanning,

15  og hans kjærleik til dykk er endå sterkare når han minnest lydnaden hjå dykk alle, korleis de tok imot han med age og otte.

16  Eg gleder meg yver at eg i alt kann lita på dykk.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23