«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Korinterne 3

1  Tek me til å gjeva oss sjølve lovord att? eller treng me då, liksom sume folk, til å hava lovords brev til dykk eller frå dykk?

2  De er vårt brev, innskrive i våre hjarto, kjent og lese av alle menneske,

3  med di det vert kunnigt at de er Kristi brev, tilkome ved vår tenesta, innskrive ikkje med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavlor, men på hjartans kjøttavlor.

4  Men ei slik tiltru hev me til Gud ved Kristus,

5  ikkje at me av oss sjølve duger til å tenkja ut noko som av oss sjølve, men dugleiken vår er av Gud,

6  han som og gjorde oss duglege til å vera tenarar for ei ny pakt, ikkje for bokstav, men for Ande; for bokstaven slær i hel, men Anden gjer levande.

7  Når då daudens tenesta, som var innhoggi med bokstavar på steinar, kom med herlegdom, so Israels-borni ikkje greidde å sjå på Mose åsyn på grunn av herlegdomen i hans åsyn, endå det var ein som kvarv burt,

8  kor skal ikkje då Andens tenesta endå meir vera i herlegdom!

9  For er fordømings-tenesta herlegdom, so er rettferds-tenesta endå mykje meir rik på herlegdom;

10  for endå det herlege er i dette stykke ikkje herleg mot den ovrike herlegdomen.

11  For når det burtkvervande var i herlegdom, so skal det vedvarande so mykje meir vera i herlegdom.

12  Sidan me då hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod,

13  og gjer ikkje som Moses, som la eit sveip yver si åsyn, so Israels-borni ikkje skulde skoda enden av det som kvarv burt.

14  Men hugen deira vart forherda; for alt til denne dag ligg det same sveipet der når dei les den gamle pakti, og det vert ikkje openberra at ho vert avlyst i Kristus.

15  Ja, til denne dag ligg det eit sveip yver hjarta deira når Moses vert lesen;

16  men når det vender um til Herren, då vert sveipet burtteke.

17  Men Herren er Anden; og der Herrens Ande er, der er fridom.

18  Men me som med usveipt åsyn skodar Herrens herlegdom som i ein spegel, me vert alle umlaga til det same bilete frå herlegdom til herlegdom, liksom av Herrens Ande.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23