Paulus' andre brev til Korinterne 13
1 Det er no tridje gongen eg kjem til dykk. Ved vitnemål frå tvo og tri skal kvar sak standa fast.
2 Eg hev sagt det fyreåt og segjer det fyreåt, liksom då eg var nærverande andre gongen, soleis og no då eg er fråverande, til dei som fyrr synda, og til alle andre at når eg no kjem att, vil eg ikkje spara -
3 sidan de krev eit prov på at Kristus talar i meg, han som ikkje er vanmektig hjå dykk, men er sterk imillom dykk.
4 For um han og vart krossfest i vanmakt, so lever han i Guds kraft; for me og er vanmektige i han, men me skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.
5 Ransaka dykk sjølve um de er i trui; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje dykk sjølve at Jesus Kristus er i dykk? - utan so er at de ikkje held prøva.
6 Men eg vonar at de skal få kjenna at me ikkje er dei som ikkje held prøva.
7 Men me bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for di at det skal syna seg at me held prøva, men at de skal gjera det gode, me derimot standa som dei som ikkje held prøva;
8 for me kann ikkje noko imot sanningi, men berre for sanningi.
9 For me gleder oss når me er vanmektige, men de sterke; dette bed me og um, at de må verta fullkomne.
10 Difor skriv eg dette medan eg er fråverande, so eg, når eg er nærverande, ikkje skal turva fara strengt fram etter den makt som Herren hev gjeve meg til uppbyggjing, ikkje til nedriving.
11 Elles, brør, gled dykk, vert fullkomne, lat dykk påminna, ver samlyndte, haldt fred med kvarandre, so skal kjærleiken og fredsens Gud vera med dykk.
12 Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk.
13 Herren Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik og den Heilage Andens samfund vere med dykk alle!