Paulus' andre brev til Korinterne 11
1 Gjev de vilde tola ein grand dårskap av meg! Jau, de skal tola meg.
2 For eg er ihuga for dykk med Guds ihuge; for eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde stella fram for Kristus ei rein møy.
3 Men eg ottast at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus.
4 For um det kjem ein og forkynner ein annan Jesus, som me ikkje hev forkynt, eller de fær ei onnor ånd, som de ikkje fyrr hev fenge, eller eit anna evangelium, som de ikkje fyrr hev motteke, so vil de tola det godt!
5 For eg meiner at eg ikkje i nokon ting er mindre mann enn dei ovstore apostlane;
6 men um eg enn er ulærd i talen, er eg det då ikkje i kunnskapen; me hev tvert imot alltid synt dykk han i alle stykke.
7 Eller gjorde eg synd då eg audmykte meg sjølv so de kunde verta upphøgde, med di eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje?
8 Andre kyrkjelydar skattla eg, med di eg tok løn av dei so eg kunde tena dykk, og då eg var hjå dykk og kom i vanråd, var eg ingen til tyngsla;
9 for det som eg vanta, vart eg hjelpt med av brørne som kom frå Makedonia, og i alle måtar vara eg meg og vil vara meg for å falla dykk til tyngsla.
10 So visst som Kristi sanning er i meg, so skal denne ros ikkje takast frå meg i Akaia-bygdene!
11 Kvifor då? av di eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud!
12 Men det eg gjer, det vil eg og gjera heretter, so eg kann taka tilhøvet frå dei som søkjer tilhøve til å standa likt med oss i det som dei rosar seg av.
13 For desse er falske apostlar, svikfulle arbeidarar, som skaper seg um til apostlar for Kristus.
14 Og det er ikkje underleg, for Satan sjølv skaper seg um til ein ljosengel;
15 difor er det ikkje noko stort um hans tenarar og skaper seg um til rettferds tenarar; men deira ende skal høva til deira verk.
16 Atter segjer eg: Ingen halde meg for å vera uvitug! men um de gjer det, so tak då imot meg, um og som ein uvitug, so eg og kann få rosa meg ein grand!
17 Det eg her talar, talar eg ikkje etter Herrens vilje, men liksom i dårskap, med di eg rosar meg so hugheilt.
18 Sidan mange rosar seg på kjøtleg vis, so vil eg og rosa meg.
19 For de toler gjerne uvitingane, de som er so kloke;
20 for de toler det um nokon gjer dykk til trælar, um nokon et dykk upp, um nokon fangar dykk, um nokon upphøgjer seg yver dykk, um nokon slær dykk i andletet!
21 Med skam segjer eg det, av di me hev vore veike; men det som andre gjer seg store av - eg talar i dårskap - det gjer eg meg stor av og.
22 Er dei hebrearar? Eg og. Er dei israelitar? Eg og. Er dei Abrahams ætt? Eg og.
23 Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein galen mann: Eg er det endå meir. Eg hev havt større strev, fenge fleire slag, vore oftare i fengsel, ofte i livsfåre.
24 Av jødane hev eg fem gonger fenge fyrti slag so nær som eitt;
25 tri gonger vart eg hudflengd, ein gong steina, tri gonger leid eg skipbrot; eg hev vore eit døger i djupet.
26 Ofte var eg på ferder, i fårar i elvar, i fårar millom røvarar, i fårar millom landsmenn, i fårar millom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar millom falske brør,
27 i strev og møda, ofte i nattevoka, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken.
28 Umfram alt det andre hev eg endå det daglege tillaupet, umsuti for alle kyrkjelydane.
29 Kven er veik utan at eg og vert veik? Kven vert freista og fell utan at det brenn i meg?
30 Um eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av det som høyrer mi vanmakt til.
31 Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg!
32 I Damaskus heldt landshovdingen åt kong Aretas vakt kring damaskenarbyen, av di han vilde gripa meg,
33 og gjenom ein glugg i muren vart eg fira ned i ei korg og slapp ut or hendene hans.