Paulus' andre brev til Korinterne 10
1 Men eg, Paulus, legg dykk på hjarta ved Kristi spaklynde og mildskap, eg som framfor augo på dykk er audmjuk hjå dykk, men djerv mot dykk når eg er fråverande;
2 men eg bed um at når eg no kjem, må eg sleppa å vera djerv med det frimod som eg tenkjer hugheilt å fara fram med imot sume som held oss for slike som ferdast på kjøtleg vis.
3 For um me ferdast i kjøtet, strider me då ikkje på kjøtleg vis;
4 for våre stridsvåpen er ikkje kjøtlege, men mektige for Gud til å støyta ned festningar,
5 med di me støyter ned tankebygningar og all høgd som reiser seg imot kunnskapen um Gud, og tek all tanke til fange under lydnaden mot Kristus,
6 og er reiduge til å refsa all ulydnad, når dykkar lydnad fyrst er fullkomen.
7 De ser berre på det som ligg dykk for augo! Um nokon er viss med seg sjølv at han høyrer Kristus til, han døme atter med seg sjølv at liksom han høyrer Kristus til, soleis me og.
8 For um eg og vil rosa meg noko meir av vår makt, som Herren gav oss til å uppbyggja dykk og ikkje til å riva ned, so skal eg ikkje verta til skammar,
9 so det ikkje skal sjå ut som eg berre vilde skræma dykk med brevi mine.
10 For brevi, segjer dei, er myndige og djerve, men det lekamlege nærværet er veikt, og ingen vyrder talen hans.
11 Den som segjer slikt, han må tenkja seg det at slike som me er i ord i brevi våre når me er fråverande, slike er me og i gjerning når me er nærverande.
12 For me vågar ikkje å rekna oss til eller likna oss med sume som gjev seg sjølve lovord; men når dei mæler seg med seg sjølve og liknar seg med seg sjølve, er dei fåvituge;
13 men me vil ikkje rosa oss til umåte, men etter målet av det umkverve som Gud hev gjeve oss til mål: at me skulde nå radt fram til dykk.
14 For me tøygjer oss ikkje utyver vårt mål, som um me ikkje hadde nått fram til dykk - for me er då komne fram til dykk med Kristi evangelium -
15 med di me ikkje rosar oss til umåte, av arbeid som andre hev gjort, men hev von um at når trui dykkar veks, skal me verta ovleg store hjå dykk etter vårt mål,
16 so me kann forkynna evangeliet i landi burtanfor dykk, og ikkje i eit umkverve som høyrer andre til, rosa oss av det som alt er fullført.
17 Men den som rosar seg, rose seg i Herren!
18 For ikkje den som gjev seg sjølv lovord, held prøva, men den som Herren gjev lovord.