Andre Krønikebok 9
1 Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo, kom ho til Jerusalem og vilde røyna han med gåtor. Ho kom med eit drusteleg fylgje, og førde med seg på kamelar kryddor og ei ovmengd med gull og dyre steinar. Då ho hadde stige inn hjå Salomo, tala ho med han um alt som låg henne på hjarta.
2 Og Salomo tydde alle gåtone hennar; det var ikkje eit einaste ord av det ho sa, som var dult for Salomo, so han ikkje kunde tyda det.
3 Då Saba-dronningi vart var visdomen åt Salomo og såg huset han hadde bygt,
4 og rettene på bordet hans, og hirdmennene hans der dei sat, bordsveinane som stod kringum, og klædnaden deira, og skjenkjarsveinane og klædnaden deira, og den troppi han gjekk upp etter til Herrens hus, vart ho reint frå seg av undring
5 og sa til kongen: So var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt um deg og visdomen din!
6 Eg vilde ikkje tru det dei fortalde, fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; men no ser eg at dei ikkje hev fortalt meg det halve um visdomen din; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt.
7 Sæle er mennene dine, sæle er desse tenarane dine, som allstødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din!
8 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud! Det er av di din Gud hev Israel kjært og vil halda det uppe i all æva, at han sette deg til konge yver dei, so du skulde fremja rett og rettferd.
9 So gav ho kongen hundrad og tjuge talentar gull og ei stor mengd med kryddor og dyre steinar; det hev aldri funnest slik ei mengd kryddor i landet som det Saba-dronningi gav kong Salomo.
10 Elles hadde no og folki åt Huram og folki åt Salomo, dei som henta gull frå Ofir, både sandeltre og dyre steinar med seg derifrå.
11 Av sandeltreet let kongen gjera tropper til Herrens hus og til kongshuset og citarar og harpor til songarane. Noko slikt hadde aldri vore set i Juda-landet fyrr.
12 Kong Salomo gav Saba-dronningi alt ho hadde hug på og bad um, umfram det ho fekk i lika for det ho hadde havt med til kongen. So tok ho av stad og for heim att til landet sitt med fylgjesveinane sine.
13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog seks hundrad og seks og seksti talent;
14 då var det ikkje medrekna det som kjøpmennene og kræmarane kom med; alle kongane i Arabia og alle landshovdingane kom og med gull og sylv til Salomo.
15 Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av hamra gull - det gjekk seks hundrad sekel gull med til kvart skjold -
16 og tri hundrad små skjoldar, som og var av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tri hundrad sekel gull. Alle desse skjoldane sette kongen i Libanon-skoghuset.
17 Kongen let og gjera ein stor kongsstol av filsbein og klædde han med skirt gull.
18 Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein fotskammel av gull, som var fastgjord til kongsstolen. På båe sidor av sætet var det stolarmar, og innmed stolarmane stod tvo løvor.
19 På dei seks troppestegi stod det og løvor på båe sidone, tolv i talet. Maken til kongsstol hev aldri vore gjord i noko anna kongerike.
20 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle husgognene i Libanon-skoghuset var og av fint gull. Sylv var ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
21 For kongen hadde skip som for til Tarsis saman med folki hans Huram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim, ladde med gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.
22 Kong Salomo gjekk framum alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.
23 Frå alle verdsens kantar kom det kongar og vilde sjå han og høyra visdomen som Gud hadde lagt i hjarta hans.
24 Og alle hadde dei gåvor med; sylv og gull og klædebunader, våpen og kryddor, hestar og muldyr; so gjorde dei år etter år.
25 Salomo hadde fire tusund stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusund hestfolk; av dei la han sume i vognbyane, og sume hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.
26 Han rådde yver alle kongane frå elvi til Filistar-landet og alt til bytet med Egyptar-land.
27 Kongen gjorde sylvet likso vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtrei i låglandet.
28 Frå Egyptar-land og alle andre land førde dei hestar til Salomo.
29 Det som meir er å segja um Salomo, både i hans fyrste og i hans seinare dagar, det stend skrive i krønikeboki åt Natan, profeten, og i spådomsboki åt Akia frå Silo og i syni åt Jedi, sjåaren, um Jeroboam Nebatsson.
30 Salomo sat konge i Jerusalem og rådde yver heile Israel i fyrti år.
31 So for han til federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin; og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.