«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 8

1  Då no dei tjuge åri var lidne som Salomo hadde bygt på Herrens hus og sitt eige hus,

2  bygde han upp dei byane som Huram hadde gjeve han, og let Israels-borni busetja seg der.

3  Sidan drog han til Hamat-Soba og la det riket under seg.

4  Han bygde og upp Tadmor i øydemarki og alle dei upplagsbyane han hev bygt i Hamat.

5  Like eins bygde han upp Øvre-Bet-Horon og Nedre- Bet-Horon og gjorde dei til faste byar med murar, doble portar og bommar,

6  og Ba'alat og alle dei upplagsbyane han hadde, og alle dei byane han hadde stridsvognene og hestfolket sitt i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det landet han rådde yver.

7  Alle som var att av hetitane, amoritane, ferisitane, hevitane og jebusitane, folk som ikkje høyrde til Israel -

8  etterkomarane etter dei, so mange som endå var att i landet av di Israels-borni ikkje hadde rudt dei ut - dei var det Salomo tok til arbeidsfolk og gjorde til trælar, og so hev det vore til denne dag.

9  Men av Israels-borni sette han ikkje nokon til å gjera trælearbeid; dei var hermenner og hovdingar for drabantane hans og hovdingar yver stridsvognene og hestfolket hans.

10  Arbeidsformennene åt kong Salomo var tvo hundrad og femti i talet; dei hadde rådvelde yver folki.

11  Salomo let dotter åt Farao flytja frå Davids-staden inn i det huset han hadde bygt åt henne; for han sa: Det må ikkje bu nokor kvinna i huset åt David, Israels-kongen; for det er heilagt, sidan Herrens kista er komi dit.

12  Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på Herrens altar, det som han hadde bygt framanfor forhalli.

13  Kvar dag bar han fram dei offeri som etter Moselovi skulde berast fram den dagen, på sabbatane og nymånedagane og høgtidene tri gonger um året: usyrdebrødhelgi og sjuvikehelgi og lauvhyttehelgi.

14  Etter den fyresegni som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestskifti til å styra embeti sine og levitane til å greida sine yrke - syngja lovsongar og ganga prestane til handa, etter som det trongst for kvar dag; like eins sette han portvaktarskifti på vakt, kvart ved sin port; for so hadde David, gudsmannen, skipa det.

15  Det som kongen hadde bode prestane og levitane; veik dei ikkje i nokon måte ifrå; so var det og når det galdt skattane.

16  So var då heile Salomos verk fullenda, frå den dagen grunnvollen vart lagd til Herrens hus, og til det var fullført - Herrens hus stod der heilt og ferdigt.

17  I same tidi for Salomo til Esjon-Geber og til Elot på havstrandi i Edom-landet.

18  Huram sende nokre av mennene sine til han med skip og røynde sjøfolk, og dei for i lag med folki åt Salomo til Ofir; derifrå henta dei fire hundrad og femti talent gull og førde det heim til kong Salomo.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23