Andre Krønikebok 34
1 Josias var åtte år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i ein og tretti år.
2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for fram etter den vegen som David, ættefaren hans, hadde fylgt; han veik ikkje av anten til høgre eller til vinstre.
3 I åttande av kongedømet sitt, medan han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefaren sin, og i tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugane og Astarte-bileti og dei utskorne og støypte bileti.
4 Dei reiv ned altari åt Ba'alane, medan han såg på det; solstolpane som stod uppå dei, hogg han ned, og Astarte-bileti og dei utskorne og støypte bileti slo han sund og knasa og strådde dusti av dei på gravene åt dei som hadde ofra til dei;
5 beini åt prestane brende han på altari deira. Soleis reinsa han Juda og Jerusalem.
6 Og rundt ikring i byane i Manasse- og Efra'ims- og Simeons-byane alt burt til Naftali røkte han etter i husi,
7 og han reiv ned altari og Astarte-bileti, og dei utskorne bileti slo han i knas, og alle solstolpane i heile Israel hogg sund; so snudde han heim att til Jerusalem.
8 I attande året av kongedømet sitt, medan han heldt på å reinsa landet og Herrens hus, sende han Safan Asaljason, Ma'aseja, byhovdingen, og Joah Joakasson, sogeskrivaren, av stad til å vøla på huset åt Herren hans Gud.
9 Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei frå seg dei pengane som var komne inn til Guds hus, og som levitane som var dørstokkvaktarar, hadde samla inn frå Manasse og Efra'im og alle hine Israels-ættene og frå heile Juda og Benjamin og Jerusalems-buane;
10 og dei gav dei i hendene på dei som stod fyre arbeidet og hadde tilsyn med Herrens hus, og DEI gav dei til handverkarane som arbeidde i Herrens hus og skulde bøta brestene der og vøla på det -
11 til timbremennene og bygningsmennene til å kjøpa hoggen stein for og timber til bandstokkane og til å timbra upp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfarast.
12 Mennene arbeidde trutt på verket. Nokre av levitane var sette til å hava tilsyn med dei; det var Jahat og Obadja av Merari-borni og Sakarja og Mesullam av kahatitane og alle dei levitane som skyna seg på spelgogner.
13 Dei hadde og rådvelde yver berarane og rettleidde alle handverkarane i kvart arbeid som låg fyre. Dessutan var nokre av levitane skrivarar og tilsynsmenner og dørvaktarar.
14 Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann Hilkias, presten, boki med Herrens lov, som var gjevi ved Moses.
15 Då tok Hilkia til ords og sa til Safan, riksskrivaren: Eg hev funne lovboki i Herrens hus. Og han gav boki til Safan.
16 Safan tok boki med seg til kongen og sa med det same frå korleis han hadde greidt ærendi si; han sa: Tenarane dine gjer alt det som er lagt på dei å gjera;
17 dei hev tømt ut alle pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei i hendene på tilsynsmennene og dei som stend fyre arbeidet.
18 Og Safan, riksskrivaren, fortalde kongen at Hilkias, presten, hadde gjeve han ei bok, og han - Safan - las upp noko av henne for kongen.
19 Då kongen fekk høyra dei ordi som stod i lovi, reiv han sund klædi sine.
20 So tala han med Hilkias og med Akikam Safansson og Abdon Mikason og Safan, riksskrivaren, og Asaja, kongstenaren, og gav dei sovori fyresegn:
21 Gakk og spør Herren for meg og for dei som endå er att i Israel og Juda, um det som stend i den boki som no er funni! For stor er den vreiden som strøymer imot oss frå Herren av di federne våre ikkje hev halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boki.
22 So gjekk Hilkias og dei andre som kongen sende av stad, til Hulda, profetkvinna, kona åt Sallum, son åt Tokhat Kasrason og hadde tilsyn med klæderomet; ho budde i Jerusalem, i nybyen. Dei bar upp målemnet sitt,
23 og ho svara: So segjer Herren, Israels Gud: Seg til den mannen som hev sendt dykk til meg:
24 So segjer Herren: Ja, eg vil føre ulukka yver denne staden og dei som bur her - alle dei forbanningane som er skrivne i den boki dei hev lese upp for Juda-kongen,
25 for di dei hev vend seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar, so dei hev eggja meg til vreide med alt det som hendene deira hev laga. Harmen min skal strøyma mot denne staden, og han skal ikkje slokna.
26 Men Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de tala soleis til: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi du hev høyrt:
27 Etter di hjarta ditt vart kløkkt, og du gjorde deg mjuk for Guds åsyn då du høyrde ordi hans mot denne staden og dei som bur her - etter di du gjorde deg mjuk for mi åsyn og reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.
28 So vil eg då lata deg fara til federne dine, so du i fred vert samla med dei i gravi di; dine augo skal ikkje sjå all den ulukka eg vil føra yver denne staden og dei som bur her. Med det svaret kom dei attende til kongen.
29 Då sende kongen bod og stemnde saman alle styresmennene i Juda og Jerusalem.
30 Sidan gjekk han upp i Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han - prestane og levitane og alt hitt folket, både store og små - og han las upp for dei alt det som stod skrive i paktboki, den som var funni i Herrens hus.
31 So steig han - kongen - fram på staden sin og gjorde den pakti for Herrens åsyn at han vilde fylgja Herren og halda bodi og vitnemåli og fyresegnene av alt sitt hjarta og all sin hug - at han vilde leva etter paktordi, som stod skrivne i denne boki.
32 Han fekk kvar mann som fanst i Jerusalem og Benjamin til å ganga inn i pakti, og sidan gjorde Jerusalems-buane det som dei hadde i pakti si med Gud - sin fedre-Gud.
33 Josias fekk burt alle styggedomane frå alle dei landi som høyrde Israels-borni til, og han heldt alle som fanst i Israel, til å tena Herren sin Gud. So lenge han levde, veik dei ikkje utav vegen, men fylgde Herren, sin fedre-Gud.