Andre Krønikebok 31
1 Då dei no var ferdige med alt dette, drog alle dei Israels-menner som var med der, av stad til Juda-byane og knasa minnesteinane og hogg sund Astarte-bileti og reiv ned offerhaugane og altari både i heile Juda og Benjamin og i Efra'im og Manasse, til det ingen ting var att av dei. So for alle Israels-borni heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.
2 Sidan skipa Esekias preste- og levitskifti, etter som kvar høyrde til det eine eller det andre skiftet, so både prestane og levitane fekk kvar sitt yrke med å bera fram brennoffer og takkoffer, å halda gudsteneste og å syngja Herrens lov og pris i portane til lægret hans.
3 Det som kongen gav av eiga si, var etla til brennofferi - morgon- og kvelds-brennofferi og brennofferi som skulde berast fram på sabbatane og nymånedagane og høgtidene, soleis som skrive stend i Herrens lov.
4 Og han sa til folket som budde i Jerusalem, at dei skulde reida ut den luten som fall på prestane og levitane, so dei kunde halda fast ved Herrens lov.
5 Då dette påbodet vart kunnigt, kom Israels-borni med fyrstegrøda i rikleg mengd, både av korn og druvesaft og olje og honning, og alt anna som vert hausta på marki; dei bar fram rikleg tiend av alt.
6 Dei Israels- og Juda-mennene som budde i Juda-byane, kom og med tiend av storfe og småfe og tiend av dei heilage gåvone som var vigde til Herren deira Gud, og la dei upp haug ved haug.
7 Det var i tridje månaden dei tok til å leggja upp haugane, og i sjuande månaden var dei ferdige med det.
8 Då so Esekias og hovdingane kom og såg haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.
9 Esekias spurde prestane og levitane um desse haugane.
10 Då svara Asarja av Sadoks-ætti, øvstepresten: Sidan dei tok til å koma med gåvor til Herrens hus, hev me alljamt ete oss mette og endå havt rikleg att; for Herren hev velsigna folket sitt; so all denne rikdomen hev vorte leivd åt oss.
11 So sa Esekias at dei skulde laga til upplagsrom i Herrens hus, og då det var gjort,
12 kom folket ærleg og reideleg med fyrstegrøda og tiendi og dei heilage gåvone og la alt saman inn der. Konanja, leviten, hadde tilsynet med det og nest etter han Sime'i, bror hans.
13 Jehiel og Asasja og Nahat og Asael og Jerimot og Josabad og Eliel og Jismakja og Mahat og Benaja var tilsynsmenner - dei skulde ganga Konanja og Sime'i, bror hans, til handa; det var kong Esekias og Asarja, forstandaren for Guds hus, som hadde sett dei til det.
14 Kore Jimnason, leviten, han som var portvaktar mot aust, hadde tilsyn med dei gåvone folk sjølvminte kom til Gud med; han skulde byta ut offergåvone som Herren fekk, og dei høgheilage gåvone.
15 Og Eden og Minjamin og Jesua og Semaja og Amarja og Sekanja gjekk han til handa; dei skulde vera tillitsmenner i prestebyane og byta ut gåvone til yrkesbrørne sine etter skifti deira, og det til alle, både store og små,
16 so nær som alle karmenner, frå triårsalderen og uppetter, som var uppskrivne i ættelistone, og som kom til Herrens hus for å få det dei trong for kvar dag medan dei røkte den tenesta som låg på dei etter skifti dei høyrde til -
17 prestane var uppskrivne i listone etter ættgreinene sine, og levitane, frå tjugeårsalderen og uppetter, etter det dei skulde greida med i skifti sine -.
18 Dei skulde og byta ut gåvone til dei som var uppskrivne av småborni og konone og sønene og døtterne deira, so mange dei var; for med truskap helga dei seg til tenesta si.
19 For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på lykkjone kring byane sine, var det i kvar by nokre namngjevne menner som skulde byta ut dei lutene som fall på kvar karmann millom prestane og på alle som var uppskrivne i ættelistone.
20 Soleis gjorde Esekias i heile Juda-riket, og han gjorde det som i augo åt Herren hans Gud var godt og rett og sant.
21 Og alt han tok seg fyre, medan han søkte sin Gud - anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lovi og bodet - og det gjorde han av alt sitt hjarta, og det lukkast for han.