«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 30

1  So sende Esekias bod ikring til heile Israel og Juda - til Efra'im og Manasse skreiv han og brev - og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påskehelg for Herren, Israels Gud.

2  Kongen og hovdingane hans og heile lyden i Jerusalem heldt råd um å høgtida påskehelgi i andre månaden;

3  for dei kunde ikkje gjera det med det same*, av di det endå ikkje var prestar nok som hadde helga seg, og folket ikkje var samla i Jerusalem.

4  Det tykte både kongen og heile lyden var rett.

5  Difor rådde dei seg til å lata ropa ut i heile Israel, frå Be'erseba til Dan, at folk skulde koma og halda påskehelg for Herren, Israels Gud, i Jerusalem; for dei hadde ikkje høgtida henne i flokk og fylgje, soleis som fyreskrive er.

6  So tok då snøggbodi av stad med brevi frå kongen og hovdingane og for ikring i heile Israel og Juda, soleis som kongen hadde bode, og sa: De Israels-born! Vend um til Herren, Gud åt Abraham og Isak og Israel, so han og kann venda seg til den leivningen av dykk som hev berga seg undan assyrarkongane og deira velde!

7  Ver ikkje de liksom federne og brørne dykkar, som sveik Herren, sin fedre-Gud, so han let dei forkomast og øydast, som de sjølve ser.

8  Ver no ikkje hardnakka som federne dykkar! Gjev Herren handi og kom til heilagdomen hans, som han hev helga for alle tider, og ten Herren dykkar Gud, so den brennande vreiden hans må venda seg ifrå dykk!

9  For når de vender um til Herren, skal brørne og sønene dykkar møta miskunn hjå dei som hev herteke dei, so dei fær koma heim att til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje si åsyn burt frå dykk, so sant de vender um til han.

10  Snøggbodi for no ikring frå by til by i Efra'ims- og Manasse-landet og alt til Sebulon; men folk berre lo åt dei og spotta dei.

11  Det var berre nokre få i Aser og Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.

12  I Juda rådde Guds hand, so han gav dei ein samheldig hug til å gjera det som kongen og hovdingane hadde sagt fyre etter Herrens ord.

13  Soleis samla det seg mykje folk i Jerusalem og vilde høgtida usyrdebrødhelgi i den andre månaden - det vart ei ovstor stemna.

14  Fyrst fekk dei burt dei altari som fanst i Jerusalem; alle røykjelses-kjeraldi hadde dei burt og kasta dei i Kidronsbekken.

15  So slakta dei påskelambet fjortande dagen i den andre månaden, og prestane og levitane var skamfulle og helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16  Dei stelte seg på sin stad, so som det var dei fyreskrive, etter lovi åt Moses, gudsmannen, og prestane skvette blodet som dei tok imot av levitane.

17  For det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg; difor greidde levitane med slaktingi av påskelambi for alle som ikkje var reine, so dei sjølve kunde helga dei åt Herren.

18  For ei heil mengd av folket - mange av dei som var frå Efra'im og Manasse, Issakar og Sebulon - hadde ikkje reinsa seg, men åt påskelambet utan å halda seg etter det som var fyreskrive; men Esekias bad for dei og sa: Herren er god; han vil tilgjeva

19  kvar den som hev lagt all sin hug på å søkja Herren Gud, sin fedre-Gud, endå um han ikkje er rein soleis som heilagdomen krev det*!

20  Og Herren høyrde bøni hans Esekias og lækte* folket.

21  Soleis høgtida Israels-borni - dei som då var i Jerusalem - usyrdebrødhelgi i sju dagar med stor fagnad; og prestane og prestane lova Herren dag etter dag med spelgogner som prisa Herrens makt.

22  Esekias tala venleg til alle dei levitane som hadde synt sers dugleik i Herrens tenesta; og dei åt høgtidsofferet dei sju dagane, medan dei ofra takkoffer og lova Herren, sin fedre-Gud.

23  Sidan rådde heile lyden seg til å halda høgtid endå i sju dagar, og so heldt dei høgtid med fagnad i sju dagar til.

24  For Esekias, kongen i Juda-riket, gav lyden tusund uksar og sju tusund sauer og geiter, og hovdingane gav lyden tusund uksar og ti tusund sauer og geiter; og ei mengd med prestar helga seg.

25  So var dei då glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levitane og alle dei som var komne til stemna frå Israel, og dei framande, anten dei no var komne frå Israels-landet eller budde i Juda.

26  Det var stor fagnad i Jerusalem; for sidan den tid Salomo Davidsson var konge i Israel, hadde det ikkje hendt noko slikt i Jerusalem.

27  Og Levi-prestane stod upp og velsigna folket, og røysti deira vart høyrd, og bøni deira nådde fram til hans heilage bustad - til himmelen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23