Andre Krønikebok 3
1 So tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet, der som Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden der David hadde samla vyrke - på treskjevollen åt Ornan, jebusiten.
2 Det var andre dagen i andre månaden i det fjorde året av kongedømet sitt han tok til med byggjingi.
3 So var grunnvollen Salomo la då han skulde byggja Guds hus: Lengdi var seksti alner etter gamalt mål og breiddi tjuge alner.
4 Forhalli som låg framanfor huset, var tjuge alner breid, svarande til breiddi på huset, og hundrad og tjuge alner høg. Han klædde henne innvendes med skirt gull.
5 Storromet i huset klædde han med cypressbord og la det med ekte gull og sette palmor og lekkjor på det.
6 So prydde han romet med dyre steinar. Gullet var kome frå Parva'im.
7 Heile romet, både bjelkane og dørstokkane og veggene og dørene la han med gull, og på veggene skar han ut kjerubar.
8 So laga han det høgheilage romet. Det var tjuge alner langt, so lengdi på det svara til breiddi på huset, og tjuge alner breidt, og han la det med ekte gull, som vog seks hundrad talent.
9 Naglane var av gull og vog femti sekel. Høgelofts-romi la han og med gull.
10 I det høgheilage romet gjorde han tvo kjerubar - bilethoggar-verk - og klædde dei med gull.
11 Vengene åt kjerubane var tjuge alner i lengd. Den eine vengen på den eine kjeruben var fem alner lang og tok burt i husveggen; hin vengen var og fem alner lang og tok burt i vengen åt hin kjeruben;
12 og den eine vengen åt hin kjeruben var fem alner lang og tok burt i husveggen; hin vengen var og fem alner lang og nådde vengen åt den fyrste kjeruben.
13 Soleis nådde vengene åt desse kjerubane i si fulle lengd tjuge alner. Sjølve stod dei uppreiste og snudde andleti innetter.
14 So gjorde han eit forheng av blå og purpurraud og karmosinraud ull og kvit bomull og sette kjerubar på det.
15 Framanfor templet laga han tvo sulor; dei var i hop fem og tretti alner, og hovudet på toppen av dei var fem alner høg.
16 Og han gjorde kjedor og sette på toppen av sulone; og hundrad granateple gjorde han og feste dei til kjedone.
17 Sidan reiste han sulone framanfor templet, ei på høgre sida og hi vinstre sida; den høgre kalla han Jakin, den vinstre Boas.