«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 28

1  Akas var tjuge år gamal då han tok styret, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, soleis som David, ættefar hans,

2  men fylgde same leidi som Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Ba'alane.

3  Han brende røykjelse i Hinnomssons-dalen og let sønene sine ganga gjenom elden etter dei avstyggelege skikkane som rådde hjå dei folki Herren hadde drive burt for Israels-borni;

4  og han ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane og bakkane og under kvart grønt tre.

5  So gav Herren hans Gud han i hendene på syrarkongen, og syrarane slo han, hertok ei stor mengd av folket hans og førde dei med seg burt til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger yver han.

6  Pekah Remaljason felte på ein dag i Juda hundrad og tjuge tusund mann - alle saman djerve karar - for di dei hadde svike Herren, sin fedre-Gud.

7  Sikri, ein kjempa frå Efra'im, felte Ma'aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var næst etter kongen.

8  Israels-borni drog av med tvo hundrad tusund fangar som dei hadde teke hjå brørne sine - konone og sønene og døtterne deira; mykje herfang rana dei og frå dei og hadde det med seg til Samaria.

9  Der var ein av Herrens profetar, som heitte Oded. Han gjekk til møtes med heren som kom til Samaria, og sa til dei: Høyr her! Av di Herren, dykkar fedre-Gud, var harm på Juda-folket, gav han dei i dykkar vald, men de hev herja og drepe millom dei med slik ilske at det hev nått alt til himmelen.

10  Og no tenkjer de på å tvinga Juda- og Jerusalemsborni til å vera trælar og trælkvinnor for dykk! Hev de då ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud?

11  So lyd no meg og send attende fangane som de hev teke frå brørne dykkar og ført burt! For Herrens brennande vreide heng uppyver dykk.

12  Då var det nokre av dei fremste mennene i Efra'ims-ætti - Asarja Johanansson og Berekja Mesillemotsson og Hiskias Sallumsson og Amasa Hadlaison - som steig fram for dei som kom heim att frå herferdi,

13  og sa til dei: Kom ikkje hit med fangane! De tenkjer visst å auka syndene våre og brotet vårt, so me fær ei stor skuld å svara for hjå Herren; men skuldi vår er alt stor nok, og ein brennande vreide heng uppyver Israel.

14  Då slepte herfolket ifrå seg fangane og herfanget for augo åt hovdingane og heile landslyden.

15  Og dei mennene som me nyst hev nemnt, kom og tok imot fangane. Fyrst tok dei nokre klæde av herfanget og hadde på dei som var nakne; so sytte dei for klæde og skor åt dei alle og gav dei mat og drikka og salva dei, og alle som var utmødde, sette dei på asen og førde dei til Jeriko, Palmestaden, til brørne deira; sidan for dei sjølve heim att til Samaria.

16  På same tid sende kong Akas bod til assyrarkongane og bad dei um hjelp.

17  For edomitane og kom og vann på Juda-mennene og drog av med fangar.

18  Og filistarane herja på byane i Juda, både i låglandet og i sudlandet, og tok Bet-Semes og Ajalon og Gederot, like eins Soko med bygdene som høyrde til og Timna og Gimso med bygdene som låg kringum, og dei busette seg der.

19  For Herren vilde gjera Juda nedåt for skuld Akas, Israels-kongen, av di han hadde fenge Juda-folket til å fara agelaust åt og hadde vore so utru mot Herren.

20  So kom Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, mot han og for fram som ein fiende mot han i staden for å stydja han.

21  For endå Akas plyndra Herrens hus og kongsgarden og hovdingane, og gav alt saman til assyrarkongen, var det ingi hjelp for han.

22  Den tid han var stadd i naud, sveik han Herren endå verre - han, kong Akas.

23  Han ofra til Damaskus-gudane, dei som hadde slege han, og sa: Det er gudane åt syrarkongane som hev hjelpt dei; no vil eg ofra til dei, so hjelper dei meg. Men dei vart berre til fall for han og for heile Israel.

24  Akas samla og i hop dei heilage eignelutene som fanst i Guds hus, og braut gullet av dei; han stengde dørene til Herrens hus og gjorde seg altar attmed kvart hyrna i Jerusalem.

25  Og i kvar einaste by i Juda-riket laga han haugar til å brenna røykjelse på for framande gudar og harma soleis Herren, sin fedre-Gud.

26  Det som meir er å segja um han og alt han tok seg fyre, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um Juda- og Israels-kongane.

27  So for Akas til federne sine, og dei gravla han i staden - i Jerusalem, men dei vilde ikkje leggja han i gravene åt Israels-kongane. Esekias, son hans, vart konge etter han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23