Andre Krønikebok 27
1 Jotam var fem og tjuge år gamal då han tok kongsmann, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa og var dotter åt Sadok.
2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for i alle måtar åt som Ussias, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens heilagdom*. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.
3 Det var han som bygde øvre porten til Herrens hus, og på Ofelmuren bygde han og so det munna.
4 Han bygde upp byar i Juda-fjelli og i skogane bygde han borger og tårn.
5 Han stridde mot Ammons-borni og kongen deira og vann yver dei, so at Ammons-borni det året laut gjeva han hundrad talent sylv og ti tusund kor kveite og ti tusund kor bygg; og same skatten laut dei svara andre og tridje året og.
6 Soleis vann Jotam stor makt, av di han stendigt ferdast for åsyni åt Herren sin Gud.
7 Det som meir er å segja um Jotam, um alle krigane hans og alt han tok seg fyre, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane.
8 Han var fem og tjuge år gamal då han tok kongsnamn, og sat sekstan år konge i Jerusalem.
9 So for Jotam til federne sine, og dei gravla han i Davids-staden, og Akas, son hans, vart konge etter han.