Andre Krønikebok 24
1 Joas var sju år gamal då han tok kongsnamn, og han sat fyrti år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja og var frå Be'erseba.
2 Joas gjorde det som rett var i Herrens augo, so lenge Jojada, presten, levde.
3 Jojada fann tvo konor åt han, og han fekk søner og døtter.
4 Då det leid um ei tid, vart Joab huga til å setja i stand Herrens hus.
5 Han kalla saman prestane og levitane og sa til dei: Drag ut til Juda-byane og sanka i hop pengar frå heile Israel til å vøla på huset åt dykkar Gud etter som det trengst år um anna! De lyt skunda dykk med det! Men levitane skunda seg ikkje.
6 Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: Kvifor hev du ikkje ansa etter um levitane kjem med avgifti frå Juda og Jerusalem - den avgifti som Moses, Herrens tenar, la på Israels-lyden å svara til vitnemålstjeldet?
7 For sønene åt den gudlause Atalja hev gjort stor skade på Guds hus og hev jamvel teke dei heilage tingi i Herrens hus og nytta dei til Ba'als-bileti.
8 So sa kongen til at dei skulde gjera ei kista og setja henne utanfor porten til Herrens hus.
9 Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulde koma til Herren med den avgifti som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarki.
10 Då vart dei glade, alle hovdingane og heile folket, og dei bar fram pengane og kasta dei i kista, til alt var innkome.
11 Og kvar gong levitane bar kista inn til den tilsynsnemndi som kongen hadde skipa, og dei såg at det var mange pengar i henne, då kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett til, og tømde kista; sidan vart ho bori attende på staden sin. So gjorde dei dag etter dag og samla pengar i mengdevis.
12 Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod fyre arbeidet på Herrens hus; og DEI leigde steinhoggarar og timbremenner som skulde setja Herrens hus i stand, og like eins jarn- og koparsmedar som skulde vøla på Herrens hus.
13 Og arbeidsfolket gjekk i veg med arbeidet; bøtingi hadde god framgang under hendene deira, og dei sette Guds hus i stand att etter dei måli det skulde hava, og gjorde det sterkt.
14 Då dei hadde gjort frå seg, kom dei til kongen og Jojada med resten av pengane, og han let av det gjera gogner som skulde nyttast i gudstenesta og til ofringi, og skåler og gullkoppar og sylvkoppar. Sidan ofra dei allstøtt brennoffer i Herrens hus, so lenge Jojada levde.
15 Men Jojada vart gamal og mett av dagar, og so døydde han; han var hundrad og tretti år gamal då han døydde.
16 Dei gravla han i Davids-staden hjå kongane; for han hadde gjort so mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.
17 Då Jojada var avliden, kom hovdingane i Juda og la seg gruve for kongen*, og kongen lydde etter dei.
18 So forlét dei huset åt Herren, sin fedre-Gud, og dyrka Astarte-bileti og dei hine avgudane. For det brotet skuld kom det vreide yver Juda og Jerusalem.
19 Herren sende dei profetar som skulde leida dei attende til han, og profetane vara dei åt, men dei høyrde ikkje på dei.
20 Då kom Guds Ande yver Sakarias, son åt Jojada, presten, og han steig fram for folket og tala soleis til dei: So segjer Gud: Kvifor gjer det imot Herrens bod? På den måten gjeng det dykk aldri vel. Sidan de hev vendt dykk frå Herren; vender han seg frå dykk.
21 Då svor dei seg saman mot han og steina han i fyregarden til Herrens hus; det var kongen som hadde bode dei gjera det.
22 So lite kom kong Joas i hug den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde vist han, at han drap son hans. Men Sakarias ropa med det same han døydde: Herren skal sjå det og hemna det!
23 So hende det, då året var lide, at syrarane gjorde ei herferd mot han. Då dei kom til Juda og Jerusalem, skilde dei alle hovdingane ut or hitt folket og gjorde ende på dei, og alt herfanget dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.
24 Syrarheren som kom, var berre fåment; men endå gav Herren ein ovstor her i deira vald, for di folket hadde vendt seg frå Herren, sin fedre-Gud. Soleis var det syrarane som sette domen yver Joas i verk.
25 Då no dei var farne burt frå han - for dei let han liggja att i svære lidingar - laga hirdmennene hans ei samansverjing mot han, for di han var skuld i at sønene åt Jojada, presten, laut lata livet; og dei drap han i lega hans. Soleis for han or verdi. Dei gravla han i Davids-staden, men ikkje i kongegravene.
26 Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son åt Sim'at, ei kvinna frå Ammon, og Josabad, son åt Simrit, ei kvinna frå Moab.
27 Sønene hans Joas og dei mange profetordi som vart tala mot han, og nybyggjingi av Guds hus, det er det skrive um i sogeboki åt kongane. Amasja, son hans, vart konge etter han.