«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 22

1  Sidan tok Jerusalems-buane Akasja, yngste son hans, til konge etter han; for alle dei eldre var drepne - ein herjeflokk som var komen til lægret saman med arabarane, hadde drepe dei. Soleis vart Akasja Joramsson, konge i Juda-riket.

2  Akasja var tvo og tjuge år då han tok styret, og sat eitt år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja og var dotter åt Omri.

3  Han og fylgde same vegane som Akabs hus; for mori var rådgjevaren hans og forførde han til gudløysa.

4  So gjorde han då det som var Herren imot, på same vis som Akabs hus; for etter far hans var avliden, var dei rådgjevarane hans til skade for han sjølv.

5  Etter deira råd var det og han tok av stad og saman med Joram Akabsson, Israels-kongen, for i herferd mot Hasael, syrarkongen, og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men syrarane såra Joram,

6  og han for heim att og gav seg til i Jisre'el, vilde få lækt dei såri han hadde fenge ved Rama då han stridde mot Hasael, syrarkongen; og Asarja* Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre'el og vilde sjå um Joram Akabsson, sidan han låg sjuk.

7  Men det var Gud som vilde at Akasja skulde ganga til grunns, og difor laga han det so at han kom til Joram; for då han var komen dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu Nimsison, som Herren hadde salva til å øyda ut Akabs hus.

8  Og medan Jehu var åt og sette i verk domen yver Akabs hus, bar det so til at han møtte hovdingane i Juda-riket og brorsønene åt Akasja, som gjekk Akasja til handa, og han drap dei.

9  So leita han etter Akasja, og dei tok han i Samaria, der han hadde løynt seg, og hadde han med seg til Jehu og drap han. Sidan gravla dei han; for dei sa: Han er son åt Josafat, han som søkte Herren av alt sitt hjarta. Men det var ingen att av Akasjas hus som var før til å taka kongedømet.

10  Då Atalja, mor åt Akasja, fekk vita at son hennar var avliden, tok ho seg fyre å øyda ut heile kongsætti i Judas hus.

11  Men Josabat, kongsdotteri, tok i dulsmål Joas, son åt Akasja, burt or kongssone-flokken som skulde drepast, og hadde han inn i sengebui - både han og sogmori hans; der fekk Josabat, dotter åt kong Joram og kona åt Jojada, presten, løynt han - for ho var syster åt Akasja - so Atalja ikkje fekk drepe han.

12  Sidan var han hjå dei i Guds hus og var burtgøymd i seks år, medan Atalja rådde i landet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23