Andre Krønikebok 20
1 Då det leid av ei tid, hende det at Moabs-borni og Ammons-borni og saman med dei ein lut me'unitar gjorde ei herferd mot Josafat.
2 Og folk kom til han med sovori tiend: Det kjem ein stor her imot deg frå hi sida havet*, frå Syria; dei er alt i Haseson-Tamar - det er En-Gedi.
3 Då vart Josafat redd og vende seg i bøn til Herren. Han lyste fasta yver heile Juda,
4 og Juda-mennene samla seg og vilde søkja hjelp hjå Herren - frå alle Juda-byane kom dei og vilde søkja Herren.
5 So steig Josafat fram for lyden som var komen saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framanfor den nye fyregarden,
6 og sa: Herre, vår fedre-Gud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen? Du råder yver alle kongerike i verdi. I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kann standa seg mot deg.
7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og so gav landet til etterkomarane åt Abraham, venen din, for alder og æva?
8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt sa:
9 Kjem det nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, drepsott eller uår, då vil me ganga fram for dette huset og for di åsyn - for namnet ditt bur i dette huset - og me vil ropa til deg or naudi vår, og du vil høyra og hjelpa.
10 Sjå no Ammons-borni og Moab og dei som bur i Se'ir-fjelli! Du gav ikkje Israels-mennene lov til å draga inn i landi deira den gongen dei kom frå Egyptar-landet; difor veik dei undan og tok ikkje på dei og øyde dei ikkje -
11 men sjå no korleis desse folki løner oss! No kjem dei og vil driva oss ut or eigedomen din, det som du hev gjeve oss til eiga.
12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom yver dei? For me hev ikkje makt nok til å standa oss mot denne store heren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjera; men vender berre augo våre mot deg.
13 Medan stod heile Juda der for Herrens åsyn; jamvel småborni og konone og sønene deira var med.
14 Då kom, midt i lyden som var samla, Herrens Ande yver leviten Jahasiel, son åt Sakarja, son åt Benaja, son åt Je'iel, son åt Mattanja, av Asafs-ætti,
15 og han sa: Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar, og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: De tarv ikkje ottast og ikkje reddast for denne store heren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.
16 I morgon skal de draga ned imot dei! Då dreg dei uppetter Hassis-kleivi, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen midt imot Jeruel-øydemarki.
17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen; de skal berre stella dykk upp og standa og sjå på korleis Herren frelser dykk, de Juda- og Jerusalems-menner! Ver ikkje redde eller ottefulle, men draga ut imot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.
18 Då la Josafat seg på kne med andletet mot jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buane kasta seg ned for Herrens åsyn og tilbad Herren.
19 Og dei levitane som høyrde til Kahats-ætti og var etterkomarar etter Korah, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med ovhøg røyst.
20 Dagen etter tok dei ut i otta og for til Tekoa-øydemarki, og med same dei drog ut, steig Josafat fram og sa: Høyr på meg, Juda-menner og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, so stend de traust! Tru på profetane hans, so skal de hava lukka med dykk!
21 Sidan samrådde han seg med folket og skipa so ein flokk med songarar som skulde lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut fyre den væpna heren, og kveda: Prisa Herren, for hans miskunn varer æveleg!
22 So snart no dei tok til med fagnadropi og lovsongane sine, laga Herren det so at folk som hadde lege i baklur, tok på Ammons-borni, Moab og Se'ir-fjells-buane - dei som var på veg til Juda - og dei vart slegne.
23 Då vende Ammons-borni og Moab seg mot Se'ir-fjells-buane og hogg dei ned og tynte dei, og då dei hadde gjort ende på Se'irs-buane, hjelptest dei åt å tyna kvarandre.
24 Då Juda-mennene kom upp på høgdi der ein kunde sjå utyver øydemarki, og såg seg um etter heren, fekk dei sjå at dei låg daude på marki - ingen hadde sluppe undan.
25 Josafat og mennene hans drog då dit og vilde taka herfang. Dei fann der ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter og reiv til seg so mykje at det var ikkje råd å bera alt saman. Tri dagar heldt dei på og henta heim herfanget, so stort var det.
26 Fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen. Der lova dei Herren; difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet hev han havt til denne dag.
27 So snudde, alle Juda- og Jerusalems-mennene, med Josafat fyre, og for glade heim att til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna yver fiendane sine.
28 Dei drog inn i Jerusalem til Herrens hus med harpor og citarar og lurar.
29 Det kom redsla for Gud yver alle rike kring i landi, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar,
30 og sidan hadde Josafats rike fred; for hans Gud let han få ro på alle kantar.
31 So rådde no Josafat yver Juda-riket. Han var fem og tretti år gamal då han tok styret, og han sat fem og tjuge år i Jerusalem. Mor hans heitte Asuba og var dotter åt Silhi.
32 Han fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt; den veik han aldri utav, men gjorde det som rett var i Herrens augo.
33 Like vel vart offerhaugane ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen sin stødt til sine feders Gud.
34 Det som meir er å segja um Josafat, både i hans fyrste og i hans seinare dagar, det stend skrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels kongar.
35 Sidan gjorde Josafat, Juda-kongen, samlag med Akasja, Israels-kongen, han som for so gudlaust åt.
36 Han gjorde samlag med han um å byggja skip som skulde ganga til Tarsis; og dei bygde skip i Esjon-Geber.
37 Men Elieser Dodavason frå Maresa spådde Josafat ille og sa: For di du hev gjort samlag med Akasja, skal Herren lata tiltaket ditt verta um inkje. Og nokre av skipi forliste og vann ikkje kunde ganga til Tarsis.