Andre Krønikebok 19
1 Josafat, Juda-kongen, for med heilo heim att til Jerusalem.
2 Då gjekk Jehu Hananison, sjåaren, ut imot han og sa til han - til kong Josafat -: Skal ein hjelpa den gudlause, og skal du halda av dei som hatar Herren? For dette kviler det vreide frå Herren på deg.
3 Like vel er det funne noko godt hjå deg; for du hev rudt ut Astarte-bileti or landet og lagt hugen din på å søkja Gud.
4 Josafat drygde no ei tid i Jerusalem, men sidan for han på nytt lag ikring millom folket, frå Be'erseba og til Efra'ims-fjelli, og førde dei attende til Herren, deira fedre-Gud.
5 Han sette inn domarar i landet - i alle dei faste byane i Juda-riket, by for by -
6 og sa til domarane: Akta vel på det de gjer! For de dømer ikkje for menneske, men for Herren, og han er hjå dykk kvar gong de segjer ein dom.
7 So lat då otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame i all dykkar ferd og gjerd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett; ikkje gjer han skil på folk og ikkje tek han mutor.
8 I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitane og prestane og av Israels ættehovdingar til å døma i Herrens saker og i rettstrettor; for dei* var komne heim att til Jerusalem.
9 Og han gav dei dette bodet: So skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
10 Kvar gong det vert lagt ei rettssak fyre dykk av brørne dykkar, som bur rundt ikring i byane sine - anten det no er ei dråpssak, eller det gjeld lov og bod, vedtekter og fyresegner - då skal de vara dei åt, so dei ikkje syndar mot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar! So lyt de gjera; elles kjem de til å føra skuld yver dykk.
11 Men Amarja, øvstepresten, skal vera formannen i alle saker som soknar under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætti, i alle saker som soknar under kongen; og levitane skal vera tilsynsmenner under dykk. Gakk då hugheilt til verket! Herren vere med den som gjer det som rett er!