«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 16

1  I seks og trettiande året av Asas kongedømme gjorde Baesa, Israels-kongen, ei herferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, so ingen skulde få fara til eller frå Asa, Juda-kongen.

2  Då tok Asa noko sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i kongsgarden og sende det til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med det bodet:

3  Som du veit, er det eit samband millom meg og deg, som det var millom far min og far din. Her sender eg deg sylv og gull; brjot no sambandet du hev med Baesa, Israels-kongen, so han lyt hava seg burt ifrå meg!

4  Benhadad gjorde som kong Asa bad han; han sende herhovdingane mot Israels-byane, og dei hertok Ijon og Dan og Abel-Ma'im og alle upplagshusi i Naftali-byane.

5  Då Baesa fekk bod um det, heldt han upp med å byggja festningsverk i Rama og la ned dette arbeidet.

6  Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinane og timberet som Baesa hadde nytta til festningsarbeidet i Rama; med det bygde han Geba og Mispa um til festningar.

7  Ved det leitet kom Hanani, sjåaren, til Asa, Juda-kongen, og sa til han: For di du sette lit til syrarkongen og ikkje til Herren din Gud, difor hev heren åt syrarkongen sloppe or hendene dine.

8  Var ikkje etiopane og libyarane og ein stor her med stridsvogner og hestfolk i mengdevis? Men for di du den gongen sette lit til Herren, gav han dei i ditt vald.

9  For Herrens augo fer utyver all jordi, so han med si makt kann stydja dei som hev hjarta sitt heilt med han. Du hev fare uvitugt åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.

10  Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fangehuset - so vond var han på han for dette. På same tid for han og hardt fram mot andre av folket.

11  Det som er å fortelja um Asa, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um kongane i Israel og Juda.

12  I ni og trettiande året av kongedømet vart Asa sjuk i føtene, og sjukdomen hans vart verre og verre. Men endå han var so sjuk, søkte han ikkje Herren, men berre lækjarane.

13  So for Asa til federne og døydde i ein og fyrtiande året av kongedømet sitt.

14  Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davids-staden, og la han på ei lega; den hadde dei fyllt med ymse slag kryddor, som var blanda i hop på same vis som dei gjer det dei som lagar salvar. So kveikte dei ein ovstor eld til æra for han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23