«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 15

1  So kom Guds Ande yver Asarja Odedsson,

2  og han gjekk ut imot Asa og sa til han: Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de held dykk til han; og søkjer de han, lagar han det so at de finn han; men vender de dykk burt frå han, so vender han seg burt frå dykk.

3  I lang tid hadde Israel ingen sann Gud og ingen prest som lærde dei, og ingi lov.

4  Men når dei kom i naud, vende dei um til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det so at dei fann han.

5  I dei tider kunde ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det rådde stor uro millom alle dei som budde her i landi.

6  Folk støytte mot folk og by mot by; so dei øydela kvarandre; for Gud valda uro millom dei med allslags trengsel.

7  Men ver de hugheile og lat ikkje hendene siga! Det de gjer, skal nok få si løn.

8  Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Oded, profeten bar fram, manna han seg og sytte for å få burt dei avstyggelege avgudsbileti i heile Juda- og Benjamins-landet og i dei byane han hadde teke i Efra'ims-fjelli. Og han sette i stand Herrens altar, som stod framanfor Herrens forhall.

9  So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og dei innflytjarane frå Efra'im og Manasse og Simeon som heldt til hjå dei; for folk gjekk i mengdevis yver til han frå Israel, då dei såg at Herren, hans Gud, var med han.

10  I tridje månaden av femtande styringsåret åt Asa samla dei seg i Jerusalem

11  og ofra same dagen til Herren sju hundrad naut og sju tusund sauer av det herfanget dei var komne heim med.

12  Og dei gjorde ei pakt um at dei vilde søkja Herren, sin fedre-Gud, av alt sitt hjarta og all sin hug,

13  og at alle som ikkje søkte Herren, skulde drepast, både små og store, både menn og kvinnor.

14  Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop, medan trompetane og lurane ljoma,

15  og heile Juda gledde seg yver den eiden; for av alt sitt hjarta hadde dei svore, og med all sin vilje søkte dei Herren; difor let han dei og få finna seg og gav dei ro rundt ikring.

16  Kong Asa tok jamvel dronningrangen frå Ma'aka, mor si, for di ho hadde gjort eit grysjeleg avgudsbilete for Astarte. Dette grysjelege avgudsbiletet hennar hogg han ned og mol det til dust og brende det upp i Kidronsdalen.

17  Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren so lenge han levde.

18  Dei gåvone som far hans hadde helga, og dei han sjølv hadde helga, flutte han inn i Guds hus, både sylv og gull og andre ting.

19  Det var ingen ufred fyrr i fem og trettiande styringsåret av Asas kongedøme.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23