Andre Krønikebok 14
1 So for Abia til federne sine og vart gravlagd i Davids-staden. Asa, son hans, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet fred i ti år.
2 Asa gjorde det som var godt og rett i augo åt Herren hans Gud.
3 Han fekk burt dei framande altari og offerhaugane og braut sund minnesteinane og hogg sund Astarte-bileti.
4 Han sa til Juda-folket at dei skulde søkja Herren, sin fedre-Gud, og halda lovi og bodi.
5 I alle Juda-byane fekk han burt offerhaugane og solsulone, og riket hadde ro so lenge han styrde.
6 Han bygde borgar i Juda-riket. For landet hadde fred; det var ingen som baud til å taka på han i dei åri; for Herren laga det so at han fekk ro.
7 Han sa til Juda-mennene: Lat oss byggja desse byane og reisa murar og tårn kring dei, med portar og bommar! Enno råder me fritt yver landet, for di me hev søkt Herren vår Gud; me hev søkt han, og han hev late oss få ro på alle kantar. So tok dei til å byggja, og alt gjekk vel for dei.
8 Heren hans Asa var tri hundrad tusund mann av Juda-ætti, væpna med spjot og store skjoldar, og tvo hundrad og åtti tusund av Benjamins-ætti, som bar små skjoldar og skaut med boge; dei var alle djerve stridsmenner.
9 Ein gong drog Serah, etiopen, ut imot dei med ein her på tusund gonger tusund mann og tri hundrad stridsvogner. Då han var komen so langt som til Maresa,
10 drog Asa ut imot han, og dei fylka seg til strid i Sefatadalen ved Maresa.
11 Og Asa ropa til Herren sin Gud og sa: Herre, for deg gjer det ingen skilnad um han er mektig eller maktlaus den du vil hjelpa. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For deg set me lit til, og i ditt namn hev me gjenge mot denne store hopen. Herre, du er vår Gud; lat det ikkje henda at eit menneske stend seg mot deg!
12 Då laga Herren det so at etiopane tapte for Asa og Juda-heren og rømde.
13 Asa og folket som var med han, elte dei alt til Gerar, og det fall so mange av etiopane at ingen av dei kom undan med livet; dei vart knustra der Herren og hans her for fram. Juda-mennene tok med seg uhorveleg mykje herfang;
14 dei hertok alle byane rundt ikring Gerar - for ein otte for Herren var komen yver dei - og rana alt som var i dei; for det fanst mykje å rana der.
15 Dei hertok jamvel buskapstjeldi og dreiv burt ei mengd med småfe og kamelar og for so heim att til Jerusalem.