«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Krønikebok 11

1  Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels-mennene og vinna riket att for Rehabeam.

2  Då kom Herrens ord til Semaja, gudsmannen, og det lydde so:

3  Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til alle Israels-menner i Juda og Benjamin:

4  So segjer Herren: De skal ikkje draga upp og strida mot brørne dykkar. Far heim att kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg. Då lydde dei Herrens ord; dei vende um og drog ikkje mot Jeroboam.

5  Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda-riket um til borger.

6  Både Betlehem og Etam og Tekoa

7  og Bet-Sur og Soko og Adullam

8  og Gat og Maresa og Sif

9  og Adora'im og Lakis og Aseka

10  og Sor'a og Ajalon og Hebron, som alle låg i Juda- og Benjamins-landet, bygde han um til borger.

11  Han gjorde borgene sterke og sette inn hovdingar i dei og samla der nøgdi av matvaror og olje og vin.

12  Like eins skipa han upplag av skjoldar og spjot i dei alle, by for by, og gjorde dei soleis ovleg sterke.

13  Prestane og levitane i heile Israels-landet kom frå alle bygdene sine og gav seg under han.

14  For levitane drog burt ifrå bumarkene sine og eigedomen sin og flutte til Juda-landet og Jerusalem, av di Jeroboam og sønene* hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren,

15  og han sette andre menner til prestar for offerhaugane og for trollbukkane* og for dei kalvane som han hadde laga.

16  Og med dei* fylgde or alle Israels-fylki dei som la sin hug på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og vilde ofra til Herren, sin fedre-Gud.

17  Dei styrkte Juda-riket og trygde kongedømet for Rehabeam Salomoson i tri år; for i tri år heldt dei fram etter same vegen som David og Salomo hadde fylgt.

18  Rehabeam tok seg ei kona umfram Mahalat, dotter åt Jerimot Davidsson; det var Abiha'il, dotter åt Eliab Isaison.

19  Med henne fekk han sønene Je'us og Semarja og Saham.

20  Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kona; med henne fekk han Abia og Attai og Sisa og Selomit.

21  Rehabeam heldt meir av Ma'aka Absalomsdotter, enn av alle dei hine konone og fylgjekonone sine - for han hadde teke seg attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter -.

22  Rehabeam sette Abia, son åt Ma'aka, til hovding og fyrste millom brørne hans; av di han var meint på å gjera han til konge.

23  Men samstundes for han so viseleg åt at han let alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda- og Benjamins-landet - i alle dei faste byane - og sytte for at dei hadde flust til å leva av, og at dei fekk seg ei mengd med konor.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23