Andre Krønikebok 10
1 Rehabeam for til Sikem; for heile Israels-lyden var komen til Sikem og skulde kåra han til konge.
2 Då Jeroboam Nebatsson fekk spurt det - han var då i Egyptar-land; han hadde rømt dit for kong Salomo - kom han heim att frå Egyptar-land,
3 og dei sende bod etter han. So kom Jeroboam og heile Israels-lyden og tala soleis til Rehabeam:
4 Far din gav oss ei tung byrd å bera; men vil no du letta den harde tenesta og den tunge byrdi som far din la på oss, so skal me tena deg.
5 Han svara: Gakk burt og bia tri dagar og kom so hit att til meg! So gjekk folket sin veg.
6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort tenesta hjå Salomo, far hans, medan han levde, og spurde dei: Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?
7 Dei svara han so: Syner du deg blid mot dette folket og er nådig mot dei og gjev dei gode ord, so kjem dei til å vera tenarane dine for all tid.
8 Men han vyrde ikkje den rådi dei gamle gav han; han samrådde seg med dei unge, dei som hadde vakse upp saman med han og no gjorde tenesta hjå han,
9 og spurde dei: Kva råder de oss til at me skal svara dette folket som kom og sa til meg: Du lyt letta den byrdi som far min la på oss?
10 Og dei unge, som hadde vakse upp saman med han, svara: So skal du segja til dette folket som sa til deg: Far din gav oss ei tung byrd å bera; gjer no du henne lettare for oss - so skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min;
11 hev no far min lest ei tung byrd på dykk, so skal eg gjera henne tyngre; hev far min tukta dykk med svepor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.
12 Tridje dagen kom Jeroboam og heile lyden til Rehabeam, etter di kongen hadde sagt: Kom hit til meg att um tri dagar!
13 Då gav kongen dei eit hardt svar - kong Rehabeam vyrde ikkje den rådi dei gamle hadde gjeve han,
14 men svara dei so som dei unge hadde rådt han til: Hev far min lagt ei tung byrd åk på dykk, so skal eg gjera henne tyngre; hev far min tukta dykk med svepor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.
15 Kongen høyrde ikkje på folket; for Gud laga det so, av di han vilde Herrens ord skulde sannast, det som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjenom Akia frå Silo.
16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje vilde høyra på dei, svara folket kongen so: Kva lut hev me i David? Me hev ingen lut i Isai-sonen. Heim att, Israel, kvar til si tjeldbu! Sjå no sjølv til huset ditt, David! So for alle heile Israel heim att.
17 Berre yver dei Israels-borni som budde i Juda-byane, vart Rehabeam konge.
18 Kong Rehabeam sende Hadoram i veg, han som hadde tilsyn med arbeidsfolket; men Israels-borni steina han i hel, og kong Rehabeam sjølv laut stiga upp i vogni si det snøggaste han vann, og røma til Jerusalem.
19 Soleis fall Israel frå Davids hus, og sidan hev det vore so til denne dag.