«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Timoteus 5

1  Tala ikkje hardt til ein gamal mann, men påminn han som ein far, unge menn som brør,

2  gamle kvinnor som møder, unge som systrer, i all reinleik!

3  Heidra enkjor som verkeleg er enkjor!

4  Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat dei fyrst læra å visa sin gudlegdom mot sitt eige folk og gjeva foreldri sine vederlag; for det er tekkeleg for Gud.

5  Men den som verkeleg er enkja og einsleg vorti, ho hev sett si von til Gud og held ved i bøn og påkalling natt og dag;

6  men den som lever etter lystene sine, er levande daud.

7  Og dette skal du bjoda, so dei må vera ulastande!

8  Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for husfolket sitt, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande.

9  Ei enkja kann verta vald når ho ikkje er yngre enn seksti år, um ho hev vore EIN manns kona,

10  hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmildskap, hev tvetta føtene åt dei heilage, hev vore dei naudkomne til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning.

11  Men vis dei unge enkjor frå deg! for når dei av kjøtleg hug svik Kristus, so vil dei gifta seg,

12  og dermed hev dei den dom at dei hev brote si fyrste tru.

13  Men attåt dette lærer dei og å ganga yrkelause og fare ikring i husi, og ikkje berre yrkelause, men og med drøsor og slikt som ikkje kjem dei ved, so dei fer med ulikeleg tale.

14  Eg vil difor at unge enkjor skal gifta seg, føda born, styra huset, ikkje gjeva motstandaren noko høve til baktale.

15  For sume hev alt vendt seg burt etter Satan.

16  Dersom nokon truande mann eller kvinna hev enkjor, so skal dei syta for dei og ikkje lata kyrkjelyden verta tyngd, so han kann syta for dei verkelege enkjone!

17  Dei eldste som er gode forstandarar, skal ein halda tvifald æra verde, mest dei som arbeider i tale og læra.

18  For Skrifti segjer: Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med. Og ein arbeidsmann er verd løni si.

19  Tak ikkje imot noko klagemål mot ein eldste utan etter tvo eller tri vitne!

20  Dei som syndar, skal du refsa so alle høyrer på, so dei andre og må hava otte.

21  Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus og dei utvalde englar at du skal taka vare på dette utan fordom, so du ikkje gjer noko av venskap.

22  Ver ikkje snar til å leggja hendene på nokon; gjer deg ikkje medskuldig i framande synder; haldt deg sjølv rein!

23  Drikk ikkje lenger berre vatn, men nøyt lite grand vin for magen din og for dine jamlege sjukdomar!

24  Hjå nokre menneske er syndene openberre og kjem i fyrevegen for dei til dom; men hjå andre fylgjer dei etter.

25  Like eins er dei gode gjerningane openberre; og dei som det ikkje er so med, kann ikkje verta dulde like vel.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23