Paulus' første brev til Timoteus 4
1 Men Anden segjer klårleg at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar
2 ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,
3 som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, den som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og hev lært sanningi å kjenna.
4 For all Guds skapning er god, og inkje er til å vada når det vert motteke med takk;
5 for det vert helga med Guds ord og bøn.
6 Når du lærer brørne dette, so er du ein god Kristi Jesu tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.
7 Men vis frå deg dei vanheilage kjerringslege eventyr, men tèm deg derimot upp i gudlegdom!
8 For den lekamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; han hev lovnad for det livet som no er, og for det som kjem.
9 Det ordet er truverdig og all fagning verdt.
10 For difor arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den levande Gud, som er frelsar for alle menneske, mest for dei som trur.
11 Dette skal du bjoda og læra.
12 Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!
13 Legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra, til dess eg kjem!
14 Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart deg gjevi ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!
15 Tenk på dette, lev i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!
16 Gjev akt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.