«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Timoteus 3

1  Det er eit truverdig ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembete, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.

2  Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til e i kvinna, edrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,

3  ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,

4  ein som styrer sitt eige hus vel, og hev lydige born med all søma

5  - men um ikkje nokon veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -

6  ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.

7  Men han skal og hava godt vitnemål av dei som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.

8  Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,

9  slike som eig løyndomen i trui i eit reint samvit.

10  Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena i kyrkjelyden, um dei er ulastande.

11  Like eins skal kvinnone vera vyrdelege, ikkje baktalande, edruelege, true i alle ting.

12  Tenarane for kyrkjelyden skal vera mann til EI kona, og styra vel sine born og sine eigne hus.

13  For dei som hev vore gode tenarar i kyrkjelyden, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.

14  Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,

15  men um eg drygjer, at du då kann vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, pilaren og grunnvollen åt sanningi.

16  Og som kvar må sanna, stor er den løyndomen i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23