«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Timoteus 2

1  So påminner eg då framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneske,

2  for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, so me kann leva eit stilt og roleg liv i gudlegdom og søma.

3  For dette er godt og tekkeleg for Gud, vår frelsar,

4  han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.

5  For det er EIN Gud og EIN millommann millom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus,

6  han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;

7  og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - ein lærar for heidningane i tru og sanning.

8  Eg vil då at mennene på kvar stad skal beda so at dei lyfter heilage hender, utan vreide og tretta;

9  like eins og at kvinnone skal pryda seg med sømeleg klædnad, i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,

10  men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.

11  Ei kvinna skal lata seg læra i stilla, med all lydnad;

12  men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å vera lærar eller å bjoda yver mannen, ho skal vera i stilla.

13  For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;

14  og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.

15  Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med søma.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23