Paulus' første brev til Tessalonikerne 5
1 Men um tidene og stundene, brør, treng de ikkje til at ein skriv til dykk;
2 for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.
3 Når dei segjer: Fred og ingen fare! då kjem ein brå undergang yver dei, liksom føderiene den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan.
4 Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;
5 for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til.
6 Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera edrue!
7 For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti;
8 men me som høyrer dagen til, lat oss vera edrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm!
9 For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus,
10 han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal leva saman med han.
11 Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer!
12 Men me bed dykk, brør, at de skynar på dei som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk,
13 og at de vyrder dei storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre!
14 Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle!
15 Sjå til at ingen gjev noko vondt att for vondt, men streva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle!
16 Ver alltid glade,
17 bed uavlatande,
18 takka for alle ting! for det er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.
19 Sløkk ikkje ut Anden,
20 mismæt ikkje profetord;
21 men prøv alt, hald fast på det gode,
22 haldt dykk frå vondt av alle slag!
23 Men han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!
24 Han som hev kalla dykk, er trufast; han skal og gjera det.
25 Brør, bed for oss!
26 Helsa alle brørne med ein heilag kyss!
27 Eg manar dykk ved Herren at de let brevet verta lese for alle brørne.
28 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!